Meny

Prioriteringer til Senterpartiet si stortingsgruppe

Av Marit Nerås Krogsæter - Gruppeleiar for fylkestingsgruppa i Møre og Romsdal Senterparti

Noreg som nasjon står overfor store utfordringar i tida framover og det blir jobba på spreng i kommunar, fylkeskommunar og nasjonalt for å finne gode innretningar på korleis ein skal få samfunnet vidare under og etter denne koronasituasjonen.

Fylkestingsgruppa i Møre og Romsdal Senterparti har sendt inn prioriteringar til Senterpartiet si stortingsgruppe som me meiner vil bidra til å hjelpe fylket vårt vidare i og etter krisa.

Det viktigaste tiltaket me vil trekke fram no er at staten må auke midlane til fylkeskommunane og kommunane. – Det er desse som er fyrstelinja for næringsliv, reiseliv, helseteneste og utdanning i denne unntakssituasjonen. Ved å auke overføringane til fylke og kommune vil ein i større grad kunne tilpasse tiltaka til kvar enkelt utfordring, seier Marit Nerås Krogsæter (Sp) leiar i fylkestingsgruppa i Møre og Romsdal Senterparti. Det er også fylka og kommunane som raskt kan iverksette tiltak som gjev sysselsetjing og sikrar bedriftene i fleire bransjar. Midlar målretta til vedlikehald av bygg og infrastruktur (veg) vil kunne setjast i omløp umiddelbart. Det vil også gje effektivt arbeid i ei tid med delvis tomme bygg og lite trafikk på vegane.

Vidare er næringslivet i Møre og Romsdal i ein svært krevjande situasjon. Verftsnæringa fell i stor grad utanfor ordningane som sentrale mynde har laga som krisetiltak, fordi rekneskapstala frå i fjor ikkje naudsynt er så gode. – Staten må ha krisetiltak om ikkje ekskluderer dei bedriftene som har starta på omstillingsprosessen samfunnet har ynskja at dei skal starte, held Nerås Krogsæter fram.

Nerås Krogsæter ynskjer at Senterpartiet trekker fram tidlegare politiske fanesaker, som til dømes 1 milliard til vedlikehaldsprogram for fylkesvegar. – Å gje investeringsmidlar til fylkeskommunane, med til dømes lån med full rentekompensasjon i 10 år, kan ein gjennomføre mindre investeringar som gang- og sykkelvegar og andre trafikktryggingstiltak, som vil bidra til å halde hjula i gang og samstundes trygge vegane til innbyggjarane i fylket. Prosjekt som staten har på eigne vegar, som til dømes trafikktryggingstiltak på Veibust, Ørsta-Hovden flyplass og Rensvik, er også tiltak ein kan framskunde.

Til slutt meiner fylkestingsgruppa i Møre og Romsdal Senterparti at ein bør jobbe for å få inn meir satsing på infrastruktur i den nye nasjonale transportplanen. Fylkeskommunane er i dag eigarar av 40% av vegane, medan staten eig 11%. Den neste NTP må omhandle også det regionale infrastrukturnettet.

Med utgangspunkt i lista me har sendt til Senterpartiet si stortingsgruppe vil me heilt konkret i fyrste omgang foreslå dette:

    1. 1 mrd til vedlikehald av fylkesvegar
    2. 1 mrd til vedlikehald av fylkeskommunale bygg (skule, tannhelse, kulturbygg)
    3. tilsvarande satsing på vedlikehald på kommunale bygg (der har vi ikkje grunnlag for å foreslå tal).

 

Vedlegg: Liste over prioriteringar til Senterpartiet si stortingsgruppe frå Møre og Romsdal

Innspel frå fylkestingsgruppa i Møre og Romsdal Senterparti til Senterpartiet

Under kjem innspel frå Møre og Romsdal Senterparti si fylkestingsgruppe om tiltak som er viktige for fylket og kva me meiner Senterpartiet bør jobbe med framover, både på kort og lang sikt. Tiltaka er ikkje i prioritert rekkefølgje.

  1. Det viktigaste tiltaket som staten kan gjere i denne situasjonen, er å auke midlane til fylkeskommunane og kommunane. Det er desse som er fyrstelinja for næringsliv, reiseliv, helseteneste og utdanning i denne unntakssituasjonen. Ved å auke overføringane til fylke og kommune vil ein i større grad kunne tilpasse tiltaka til kvar enkelt utfordring. Det er også fylka og kommunane som raskt kan iverksette tiltak som gjev sysselsetjing og sikrar bedriftene i fleire bransjar. Midlar målretta til vedlikehald av bygg og infrastruktur (veg) vil kunne setjast i omløp umiddelbart. Det vil også gje effektivt arbeid i ei tid med delvis tomme bygg og lite trafikk på vegane.
     
  2. I dag kan ein arbeide med nesten kva som helst, kvar som helst i landet. Difor må Senterpartiet halde trykket oppe på å sikre breiband og fiber til alle, uavhengig av kvar ein bur. I ein situasjon der folk melder permanent flytting til hyttekommunane sine og tenkjer å arbeide derifrå, så er det naturleg at dei som er fastbuande i kommunane og i lokalsamfunna får den infrastrukturen som er naudsynt for å kunne drive lokale bedrifter, ha heimekontor og heimeundervisning på digitale verktøy. Det digitale skal ikkje vere eit hinder!
     
  3. Ei utfordring for næringslivet i Møre og Romsdal er den krevjande situasjonen verftsnæringa vår står i. Den fell utanfor ordningane som sentrale mynde har laga som krisetiltak, fordi dei ikkje naudsynt hadde gode rekneskapstal i fjor. Dette er ei krise som slår ut dobbelt for hjørnesteinsbedriftene våre, og utan desse vil ein region som vår stå igjen med svært lite. Difor er det viktig at Senterpartiet sørgjer for at næringslivsbedrifter som er i ein viktig omstillingsperiode ikkje blir skadelidande på grunn av mindre gode resultat tidlegare år. Det er ein dårleg strategi som Regjeringa har starta på, å gje hjelp berre til dei som tidlegare har fått bra. Kleven verft, Havyard Ship Technology, Vard Group og Ulstein verft har hatt eit samla akkumulert tap før skatt for perioden 2014-2018 på 7,59 milliardar kroner og har brukt mykje midlar på å omstille seg frå offshore til andre verksemder. Tore Ulstein, styreleiar i Ulstein Group, seier til Sunnmørsposten at dei var på veg ut av ei krise, og skulle starte å tene pengar igjen, og så får ein ein totalt bortfall av marknad. «Siden vi har brukt over 1,1 milliard på omstilling, begynner det å bli lite igjen av egenkapitalen. Vi har brent mye av vårt krutt allerede. Vi kan ikke ta kostnadene vi ser påløper med koronakrisen». Staten må ha krisetiltak som ikkje ekskluderer dei bedriftene som har starta på omstillingsprosessen samfunnet har ynskja at dei skal starte. Her er det viktig at både stat og fylke å halde fram satsingane på miljøferjer og -hurtigbåtar, slik at verfta framleis har arbeid.
     
  4. Vidare må vi minne om at Senterpartiet ikkje kan sleppe saka om ferjetakstar på fylkeskommunale ferjer, sjølv om nasjonen Noreg er i ei krevjande tid. Ferjene er essensielle for innbyggjarane som bur i Møre og Romsdal og andre kystfylke og det er viktig å sikre lik finansiering av riks- og fylkesvegferjer.
     
  5. Senterpartiet i Møre og Romsdal ynskjer at ein trekker fram tidlegare politiske fanesaker, som til dømes 1 milliard til vedlikehaldsprogram for fylkesvegar og sikre midlar til rassikring og bruvedlikehald. Å gje investeringsmidlar til fylkeskommunane, men til dømes lån med full rentekompensasjon i 10 år kan ein gjennomføre mindre investeringar som gang- og sykkelvegar og andre trafikktryggingstiltak, som vil bidra til å halde hjula i gang og samstundes trygge vegane til innbyggjarane i fylket. Staten er også eigar av riksvegane i fylket, og her er det fleire prosjekt ein kan starte trafikktryggingstiltak på, som til dømes Veibust, skredsikring, gang- og sykkelveg Ørsta-Volda Hovden og Rensvik. Staten kan framskynde prosjekt i NTP, som til dømes bypakken i Ålesund og Lønset-Hjelset. Eit tiltak som er viktig for reiselivet og servicenæringane i Møre og Romsdal er rassikring av det nasjonale ikonet Trollstigen.
     
  6. Vidare ynskjer fylkestingsgruppa i Møre og Romsdal at Senterpartiet tar initiativ til å utsetje krav om nye løysingar for tømming av kloakk frå ferjer og auke satsinga på hydrogen og biodrivstoff.
     
  7. Det hastar med signal frå sentrale mynde om tiltak i landbruket. I Nationen 26.mars melder bøndene at det er svært kort tid frå ein må ta avgjerda om ein skal sette i gang produksjon av bær og grønsaker. Senterpartiet bør vere tydeleg overfor landbruksministeren at dette hastar. Matberedskap er viktig i tida framover og Noreg har ikkje gjort nok for å sikre seg i denne situasjonen me no står i.
     
  8. Beredskap handlar ikkje berre om matproduksjon og sjølvforsyning, men det handlar også om kraftforsyning, forsvar og moglegheit for å kunne produsere produkt og råvarer til lagring. I Møre og Romsdal har me ei sårbar kraftforsyning som har vore jobba for å betra over fleire år, men som ikkje har blitt noko betre, trass fleire ulike konstellasjonar i regjeringa. Difor ynskjer me at Senterpartiet jobbar for tilskot til produksjon for lager, noko me meiner mellom anna skogbruket, oppdrettsnæringa og andre næringar kan nytte seg av.
     
  9. Vidare ser me i Møre og Romsdal at heimevernet er ein viktig del av beredskapsarbeidet i nasjonale kriser og at Senterpartiet må jobbe vidare for å byggje opp om saker som er viktige for partiet. Å sikre god beredskap meiner me er ei sak som står høgt. Forsvarsevna vår skal ikkje vere avhengig av om enkeltpersonar er tilgjengelege, men at organiseringa som heilskap går vidare sjølv om nøkkelpersonell er utilgjengeleg.
     
  10. Me ynskjer at Senterpartiet fremjar forslag om unntak frå b) i avløysartilskotet i landbruket i år på grunn av koronasituasjonen. Dette for at det kan vere vanskeleg å få tak i avløysarar, det kan bli meir sjukdom og at det ikkje er eit ynskjer om å spreie smitte. Ved å gjere eit unntak for b) kan ein opne for at avløysartilskotet kan gå til ektefelle/sambuar i ein slik unntakssituasjon. Permitteringsreglane med rett til dagpengar må også gjelde arbeidstakarar som driv gardsbruk. Det er ofte unge gardbrukarar som har teke over og har stor gjeld og må ha full stilling utanom bruket for å forsvare gardsdrifta. Desse vil bli hardt ramma om dei ikkje blir omfatta av same permitteringsreglar som andre.
     
  11. Senterpartiet bør vurdere å fjerne eigedomsskatt på næringsverksemd, kutte i meirverdiavgifta og arbeidsgjevaravgifta som eit tiltak for å halde fleire i jobb for denne krisetida. Kommunane må kompenserast for tapte inntekter av eigedomsskatt slik at dette ikkje går ut over velferdstenestene.
  12. Mange frivillige lag og organisasjonar har behov for å gjere små og store tiltak i lokalsamfunna sine og får midlar gjennom spelemiddelordninga. Me ynskjer at Senterpartiet skal fremme forslag om å auke tippemidlane for inneverande år, slik ein kan ta igjen etterslepet på anlegg i kulturlivet, i idretten og i frivilligheita.

 

  1. Offentlege kulturinstitusjonar må få sin del av nasjonale tiltakspakkar. No ligg det avgrensingar i institusjonar som får offentlege midlar, men institusjonar som til dømes musea har store krav knytt til seg med tanke på eigeninntening, som i stor grad fell bort på grunn av ein manglande turistsesong.

 

  1. Lage støtteordningar til store og små kultur- og samfunnsinstitusjonar til å gjere seg sjølv digitale. Digital omstilling gjennom å mellom gjere samlingar digitale, digitalisere kulturarven og formidle kunst og kultur gjennom digitale plattformer.

 

  1. Det har dei siste åra vore ei stor utvikling av kreative og kulturelle næringar både frå det nasjonale og det regionale. Desse næringane fekk utanfor mange av støtteordningane som blir lansert i samband med koronakrisa, og difor bør ein lage ein eigen tiltakspakke knytt til kulturelle og kreative næringar.

 

  1. Til slutt bør Senterpartiet arbeide for å få inn meir satsing på infrastruktur i ny nasjonal transportplan. I andre sektorar tyder nasjonal ein sum av statlege, regionale og lokale tiltak, medan den nasjonale transportplanen handlar om statlege tiltak. T.d. er fylkeskommunane eigar av over 40 % av vegane, medan staten eig 11 %. Neste NTP må omhandle også det regionale infrastrukturnettet.