Meny

Det er ingen grunn til å vente, kommunane er klare for nye oppdrag i koronakrisa

Det er fleire vi har snakka med dei siste dagane som får ei kjensle av å vere i ein film. Det er surrealistisk det som skjer og dei fleste av oss tenkjer vel at slike kriser ikkje kan ramme oss. Ikkje er det nokon film og nå står vi midt oppe i ei krise vi ikkje heilt ser konsekvensane av enda.

Storting og regjering set i gang tiltak etterkvart som dette utviklar seg. Vi har dei siste vekene sett at den enkelte nasjonalstat må sikre sine innbyggarar og sette inn strenge restriksjonar.

Det er i kommunane folk bur og det er ingen tid å miste. Kommunane er klare for nye oppdrag nå. Det er i kvar enkelt kommune dei skal halde smittepresset nede,  og sikre liv og helse til det beste for folket. Vi må likevel ikkje gløyme at næringslivet også held til i ei kommune i Norge. Tiltaka som blir sett i verk, både helsemessig, for permitterte, arbeidsledige og for næringslivet, er universelle sjølv om ein prøver å treffe så godt som råd. Derfor vil kommunane ha ei viktig rolle framover for korleis ein skal fange opp dei som faller mellom to stolar. Vi skal både halde hjula i gang nå, samt få i gang att samfunnet i etterkant.

Alle ordførarar, mange av dei heilt nye, må ta grep som er til det beste for sine innbyggarar saman med sitt kommunestyre og administrasjon. Kommunane har alltid vore heilt avgjerande når krisa rammar i eit lokalsamfunn. Nå får vi testa kriseberedskapen i heile landet samtidig og vi får verkeleg sjå kva det er vi er sårbare på. Vi må gjere oss mindre sårbare og sikre beredskapen på samfunnskritiske tenester og behov. Vi må bli mest mogleg sjølvberga på produksjon av mat og  av det vi treng aller mest.

For å unngå at etterspørselen stoppar opp meiner Senterpartiet  at vi må gjere som under finanskrisa i 2009. Vi vil rigge ei krisepakke for næringslivet i kommunane i tillegg til kompensasjon for bortfall av inntekt og uforutsette utgifter på grunn av koronapandemien.

Vi treng vedlikehald og investering på offentlege bygg, infrastruktur som vegar og breiband, vatn og avløp og ikkje minst tiltak mot flom og ras for å nemne noko. Derfor vil ei krisepakke til kommunane få i gang att næringslivet og få folk i arbeid. Vi ser også at det er nokre kommunar som blir hardare ramma enn andre. Desse bør få ein ekstrapott. 

Vi må få hjula i gang att, men vi må vel også skifte eit og anna hjul og balansere dekka. Alt må ikkje stoppe opp og kanskje er det tida for å kjøpe mest mogleg lokale tenester. Næringslivet er kreative for å oppretthalde omsettinga si. Her er det berre å bidra til handel og kjøp av tenester som bidreg til å oppretthalde norske arbeidsplassar.  Samtidig er det den enkelte kommune som kjenner kvar skoa trykker og som verkeleg kjenner på konsekvensane av det som skjer. Kommunane er viktige i koronakrisa og blir like viktige når samfunnet skal i gang att når dette er over.

Bengt Fasteraune, Stortingsrepresentant for Oppland (SP)
Aud Hove, vararepresentant for Stortinget Oppland (SP)