Det går mot vår og vårens vakraste eventyr står for døra! Lamminga er i full gang, redskap må oljast og gjerast klare, møkkakjellarane er overfylte og plogen skal i jorda for å vende den for nye frø og vekster.
Leserinnlegg fra komiteleder Aud Hove
Det går mot vår og vårens vakraste eventyr står for døra! Lamminga er i full gang, redskap må oljast og gjerast klare, møkkakjellarane er overfylte og plogen skal i jorda for å vende den for nye frø og vekster.
Eg voks opp på ein gard i Skjåk og om våren lukta det møkk, stein måtte plukkast og det skulle såast og rullast. Når spira kom opp og kveldssola la seg utover jordet såg ein den grøne spira som kom opp att. Den finaste grønfarga eg veit om!
I grenda eg voks opp i var det maskinring som betydde at far min måtte vente på såmaskina innimellom eller traktorhengaren kunne vere oppteken akkurat når han trong den. Slik var det, men dei fekk likevel gjort det dei skulle slik at våronna vart ferdig og sommaren kunne komme og vasspreiarane gjekk ofte både dag og natt.
Gardane låg som perler på ei snor og det var liv i grenda. Med jamne og ujamne mellomrom var det generasjonsskifte på gardane som gav ny giv og nye impulsar. Det var ikkje så mykje å tene på gardsbruket, men vi hadde så vi klarte oss.
Den gongen var det ljos i hus og fjøs. No har landbruket i Norge kome til eit punkt der dette står for fall. Vi har ei regjering som ynskjer å svekke odels- og konsesjonslova, som ynskjer å fjerne markedsreguleringar, som vil fjerne tollvern og som meiner at hovudmålet må vere enda meir effektivisering av det norske landbruket.
Dei ynskjer å fjerne produksjonstak slik at dei store kan bli større og konkurrere ut dei som er mindre. Den konkurransen handlar ikkje nødvendigvis om best kvalitet, men om kven som klarar å halde hovudet over botnlina lengst før dei andre forsvinn. Dei ynskjer å gjere den norske bonden til gjeldsslave ved å stimulere til enda større bruk, som med meir produksjon skal gjere meir til mindre betaling. Når er stort stort nok? Dei ynskjer å la folk som vil investere i norske jordeigedommar sleppe til utan tanke på at lokalt eigarskap og busetnad gjev lokal tilhøyrigheit og utvikling i lokalsamfunnet. Dei treng jo ikkje bu der! Dette vil føre til ei rasering av det norske landbruket, av den norske bygda og føre til enda meir fråflytting enn vi allereie har og har hatt.
Kall meg gjerne romantisk, bakstreversk eller gamaldags, men eg ynskjer meg eit landbruk der naboen kan vere din støttespelar. Eit landbruk der du har tid til å både sjå til dyra dine, reparere gjerde, vedlikehalde og bygge nytt når det er bruk for det. Eit landbruk med husdyr på beite og kjøtproduksjon basert på grovfor og mindre kraftfor med ei drift basert på driftsgrunnlaget, den jorda som ligg der og beiteressursane. Eit landbruk med matproduksjon basert på norske råvarer fordi vi må slutte å transportere råstoff land og strand rundt.
Vi har ein stolt arv å ta vare på og den må ikkje ofrast på eit altar der mantraet er billig, billig, billig og er du effektiv må du bli enda meir effektiv slik at du kan bli effektiv. "Stillstand er tilbakegang", sa landbruksministeren. Om han meiner at landbruket har stått stille veit ikkje eg, men det stemmer i vertfall ikkje. Det regjeringa legg opp til vil føre til ei rasering av den stolte bondearven vi har i dag. Rasering er tilbakegang og ikkje utvikling.
Vi treng eit landbruk som er berekraftig både økonomisk, økologisk og sosialt. Det må betale seg å produsere mat med kvalitet utan å forbruke naturen og med matsikkerheit og god dyrevelferd. La ljosa i hus og fjøs stå på og slå ring om bonden og landbruket. Vi treng alle trygg og god mat og det må vi også vere villige til å betale for!