Meny

Sjukehusstruktur i Innlandet – Senterpartiet vil vere med på heile prosessen

Fylkestinget skal uttale seg i den mye debatterte saken om sjukehusstruktur i Innlandet. Mange år har gått og nye moment i saka har nå kome inn. Da er det rett og rimeleg at vi som fylkespolitikarar høyrast og er tett på helt til mållinja.

-Det å skulle meine og si noko om ei sak som dette er veldig vanskeleg. Verden står ikkje stille og ting har endra seg sidan 2017. Derfor er det bra å få ei ny samfunnsanalyse for Sjukehus Innlandet og vi i Senterpartiet ynskjer å uttale oss om den når den kjem, seier Aud Hove, fylkesvaraordførar, Sp.

Foretaksmodellen betyr eigentleg at vi som politikarar ikkje har så mykje vi skulle sagt. Vedtak blir fatta utanfor vår kontroll. Likevel blir vi heile tida utfordra politisk både av Sykehuset Innlandet og av våre veljarar.

Ein av føresetnadane for at Mjøssjukehuset skal kunne byggast er at driftskostnadene i Sykehuset Innlandet skal reduserast. Sparekrava fører til nedbygging av viktige rehabiliteringstilbod og ei svekking av behandlingskapasiteten innan både psykiatri og somatikk. Senterpartiet meiner at ingen er tent med at Sjukehuset Innlandet blir stilt overfor umogeleg innsparingskrav.

Helse Sør-Øst har vedteke at fagområde og funksjonar som kan og bør samlast, så langt det er mogleg, skal samlast i forkant av at eit nytt hovudsjukehus står ferdig. Senterpartiet er bekymra for at dette vil gjere det vanskeleg å behalde kompetanse og oppretthalde solide fagmiljø som det har teke mange år å bygge opp. Det vil i sin tur vere øydeleggande for tilbodet som skal byggast opp ved det nye sjukehuset.

Det har skjedd mykje innanfor helseregionen og helseforetaket sidan vedtak i gamle Oppland og Hedmark blei fatta. Det som ikkje har endra seg er avstandane. Sidan 2017 har det kome vedtak om at Tynset sjukehus skal bestå, Kongsvinger går over til A-hus, Jevnaker over til Hønefoss. Det er store diskusjonar om omfanget av og sjukehusstrukturen i Oslo og etter kvart blir resultat av sjukehusutbyggingar ettersom dei kjem i gang synleg. Og sist, men ikkje minst set pandemien mange ting i perspektiv opp mot jobbing, pendling, beredskap og sårbarheit. Målbildet sidan sist vedtak er endra av Helse Sør-Øst.

Senterpartiet i både Hedmark og Oppland si grunngjeving for å vedta «målbildet» i sine fylkesting i 2017 var med bakgrunn i tre ulike alternativ; Behalde dagens sjukehusstruktur i Oppland og Hedmark, eitt felles spesialistsjukehus for Oppland og Hedmark ved Mjøsbrua, eitt sjukehus i Oppland og eitt sjukehus i Hedmark. Begge fylkesting landa på eit hovudsjukehus ved Mjøsbrua, Hedmark Senterparti stemte mot dette vedtaket.

-Dersom vi skal vedta noko anna enn det, må det ein breiare prosess til enn det vi har hatt no – ingen prosess. Det som blir avgjerande her er i kva grad Helse Sør-Øst klarar å møte oss på dei forutsetningane fylkestinga har lagt til grunn og presiseringar som har vore vedteke. Balanse mellom aust og vest er særdeles viktig her for at innbyggarane våre skal kjenne på tryggleik og få gode og framtidsretta sjukehustenester som skal stå seg i mange år. Målet for Senterpartiet er klart; våre sjukehus skal levere gode og likeverdige helsetenester som er blant dei beste i verda og innbyggarane i Innlandet skal ha god tilgang til helsehjelp uavhengig av kvar dei bur, seier Hove.

Senterpartiet i Innlandet er tydelege på at på veg mot eitt nytt hovudsjukehus må sjukehusa oppretthaldast som fullverdige sjukehus som trygt og effektivt kan handtere både akutte og planlagde innleggingar. Desentralisering av spesialisthelsetenester og vidareutvikling av prehospitale tenester har heile tida vore viktige forutsetningar for dei for å støtte eit hovudsjukehus.

-Det framtidige målbildet handlar ikkje berre om hovudsjukehus, men også at framtidig struktur ikkje må gå utover pasientsikkerheit og kvalitet i dagens sjukehustilbod. Vi er tydelege på at nå er det Innlandet sin tur til sjukehusinvesteringar, avsluttar Hove.