Meny
Bli medlem

Fylkesårsmøte 2020

Sist endret: 26.11.2020 #Rogaland

Fylkesårsmøtet 2020 holdes på Scandic Maritim Haugesund. 14.-15.feb 2020. 

 

Vidar Nedrebø er einstemmig innstilt frå valgkomiteen til attval som leiar av Rogaland Senterparti.

Vidar har vore Senterpartileiar i 2 år og er særs motivert for å fortsetje i vervet.

- Det er ei utruleg spanande tid å vera tillitsvald i Senterpartiet og eg er glad for at valkomiteen ønskjer å ha meg med vidare. Partiet har hatt medlemsvekst 6 år på rad, teke kraftige byks på meiningsmålingar og fått historiske resultat i lokalval og stortingsval. Nå skal me feira partiet sitt 100 års jubileum i 2020 før me opnar ein valkamp som skal ta Senterpartiet tilbake i regjering i 2021, seier Nedrebø i ein kommentar.

---------------------------------------------------------------------------------------

Fredag 14.2
12.00 Lunsj
12.45 Sak 1. Åpning, opprop, godkjenning av innkalling og saksliste. v/fylkesleder
           Sak 2. Valg av møteleder, referenter, to til å skrive under protokollen, resolusjonskomite og tellekorps
13.00 Sak 3. Fylkesleders tale v/Vidar Nedrebø 
13.15 Sak 4. Innleiing v/Trygve Slagsvold Vedum
14:00 Pause
14.15 Sak 6. Generaldebatt, del 1
14.45 Oppsummering generaldebatt del 1, v/Trygve Slagsvold Vedum
15.00 Sak 5. Innledning v/ Geir Pollestad 
15.20 Sak 6. Generaldebatt del 2
16.15 Pause
16.35 Sak 7. Gruppearbeid
18:15 Sak 13. Resolusjoner
18:30 Møte slutt for dagen
19.30 Middag

Lørdag 15.2

09.00
Sak 8. Årsmeldinger
Sak 9. Regnskap 2019
Sak 10. Arbeids og aktivitetsplan for 2020-2021
Sak 11. Budsjett 2020
Sak 12. Valg
Sak 13. Resolusjoner
Sak 14. Innkomne saker
10.30 Pause m/utsjekk
10.30 Frist for å sende inn endringsforslag til resolusjonene
11.00 Sak 8-14 fortsetter
13.00 Lunsj
13.45 Sak 8-14 fortsetter
15.00 Møteslutt
_______________________________________________________________

Rekordstore fylkesårsmøter i Senterpartiet 2020
Det er venta rekordoppmøte på Senterpartiets fylkesårsmøter i år, godt over 2 000 delegatar til saman. Alle fylkeslag i partiet har årsmøte kvart år og i år er alle i februar. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker. Fylkesårsmøta blir i år også avspark for Senterpartiets lange valkamp fram mot stortingsvalet i 2021.

Politiske verkstader
Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentralinnleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om de som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.

På fylkesårsmøta 2019 vart det vedtatt til saman over 100 uttalar på dei 17 fylkesårsmøta, altså om lag seks uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt, flest uttalar var innanfor desse tema: generelt mot sentralisering, kommune- og regionreform, politi, domstol, beredskap og kriminalitet, samt landbruk, skog, jordvern, mat og næring. Så vert det spanande å sjå kva som opptar fylkeslaga i år. Uansett; alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til og følgt opp av både sentralstyret i partiet og i alle komitear i stortingsgruppa.

Val av fylkesleiarar
Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane som er på val. I valår er det dei to nestleiarane og resten av styremedlemane som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.

100-årsjubileum
2020 er året Senterpartiet feirar 100 år og det skal sjølvsagt markerast på alle fylkesårsmøter på ulikt sett. Starten på jubileumet er sjølvsagt i Kristiansand, staden der partiet vart stifta for 100 år sidan. 7. februar vil sentralstyret i Senterpartiet møtast i Kristiansand før det vert jubileumsmarkering med kultur, mat, historie, humor og politikk – alt i samsvar med partiet sine verdiar om nærleik og folkestyre.

Rekordstore fylkesårsmøte
Lokallagas rett på delegatar er rekna ut frå talet på røyster i stortingsvalet i 2017, talet på lokallagsleiarar, gruppeleiarar i kommunestyra, fylkesstyrer og fylkestingsrepresentantar. I tillegg kjem det og over 50 fleire lokallagsdelegatar då medlemstalet auka med 2498 i 2019 i Senterpartiet og Senterungdommen og er ved årsskiftet til saman 22 196 personar. Talet på ordførarar har også auka med over 30 til 137 etter valet i fjor haust, samt at talet på fylkestingsrepresentantar har også auka med 25. Derfor har lokallaga høve til å møta med godt over 100 fleire utsendingar ved årets fylkesårsmøte.

Fylke, dato                 Sted             Sentral innleder            Mediekontakt

Rogaland

14.- 15. februar

Haugesund Scandic Maritim

Trygve Slagsvold Vedum

Kalle Mæland Nilsen

[email protected]

40858899