Meny

Høgre eller Sp i landbrukspolitikken?

Geir Pollestad

Leserbrev

Margret Hagerup forsøker i eit innlegg i Jærbladet å sverte Senterpartiet sin landbrukspolitikk og framheva Høgre sin landbrukspolitikk.

Margret Hagerup forsøker i eit innlegg i Jærbladet å sverte Senterpartiet sin landbrukspolitikk og framheva Høgre sin landbrukspolitikk.

Etter å ha lese innlegget sit eg at me ei kjensle av at Margret Hagerup og Høgre ikkje har fått med seg korkje bondeopprøret eller brotet i jordbruksforhandlingane denne våren. For etter månader med kritikk frå bønder i heile landet om at dei ikkje kjenner seg igjen i tala som vert nytta til å skildra utviklinga i jordbruket, så er det akkurat desse tala Hagerup nyttar til å bygge ei historie om Høgre sin fantastiske landbrukspolitikk.

Høgre har heile fokuset på å fortelja kva som skjedde i jordbrukspolitikken for 10-20 år sidan. Det er eigentleg ganske uinteressant om ikkje Hagerup tek mål av seg å verta Noregs mest upresise landbrukshistorikar. Hagerup bør i så fall ta med seg Høgre sine eigne kampar: Kampen mot Senterpartiets gjennomslag for å styrke tollvernet på ost, Høgre si nedlegging av pelsdyrnæringa, Høgre sitt totalforbod mot nydyrking av myr, Høgreregjeringa sitt framlegg om å fjerna avløysartilskotet til bøndene. Høgre sitt ynskje om å melda Norge inn i EU. Høgrepolitikk, med nedbygging av tollvern og liberalisering av politikken, verkar i realiteten som «Roundup» for bondenæringa og bygdene.

For åvise kor gale det kan gå når ein brukar Høgre sin reknemåte: Om bønder i Norge i snitt har 500 000 kr i inntekt og betaler 100 000 kr for leige av melkekvoter og 100 000 kr for leie av jord, så reknar ein at inntekta er 500 000 kr sjølv om bonden sit at med berre 300 000 kr. Om dei same bøndene neste år har ei inntekt på 600 000 kr og må betale 200 000 kr i kvoteleige og 200 000 kr i jordleige så sit bonden att med 200 000 kr. Men i tala til Margret Hagerup vil bonden ha hatt ein inntektsvekst på 100 000 kroner frå 500 000 kr til 600 000 kr sjølv om realiteten er ein inntektsnedgang frå 300 000 kr til 200 000 kr.

Senterpartiet ynskjer
ein landbrukspolitikk for framtida. Der bønder kan ha same inntekt som andre grupper og der dei sosiale ordningane vert betra. Me treng eit sterkt tollvern, sterke samvirke som driv marknadsregulering og auka satsing på norsk mat over statsbudsjettet. Det er heilt naudsynt med eit taktskifte i jordbrukspolitikken om ein framleis skal ha eit levande landbruk i heile landet som sikrar norsk rein og trygg mat på norske bord.

I landbrukspolitikken
er Senterpartiet og Høgre ytterpunkt. Det gamle Høgre der bygde- og landbruksinteressene stod sterkt er borte. For meg var det ei sterk markering av dette då Hagerup som Høgre sin stortingsrepresentant frå Time og Jæren i juni reiste seg opp i stortingssalen og røysta mot eit forslag frå stortingsfleirtalet om at pelsdyrbøndene skulle får full erstatning.

Eg er ikkje i tvil om at Margret Hagerup sitt engasjement for landbruket, men løysingane ho og Høgre har vil ta landbruket i feil lei.

 

Publisert Jærbladet 8.september 2021