Meny

Massive åtak mot landbruket i Rogaland.

Det har den seinare tida vore fleire landbrukssaker som råkar jordbruket hardt. Rogaland Høgre og Rogaland FrP er ute i media og jamrar seg. Diverre ser det ut som dei ikkje evnar å bli høyrde av regjeringa.

For det fyrste går regjeringa inn for å leggja ned pelsdyrproduksjonen. Ikkje for å få mindre pels i verda eller for å sikra dyrevelferda, men for å sikra at denne produksjonen ikkje skjer i Noreg. Arbeidsplassar og verdiskaping vert flytt ut av Noreg

For det andre så har regjeringa no fått for seg at dei vil innføra CO2-avgift for veksthusnæringa. Det er eit framlegg som og var framme då Senterpartiet sat i regjering. Senterpartiet sørga for å stoppa denne avgifta, fordi me meinte det var eit dårleg. Med Høgre og FrP vert det realisert. Slik går det når ein har regjeringsparti som ikkje forstår kor viktig det er med føreseielege rammevilkår for å sikra norske arbeidsplassar og verdiskaping.

For det tredje er regjeringa i gang med å innføra eit generelt forbod mot nydyrking av myr. Utan omsyn til om ei slik nydyrking vil gje store eller små utslepp av CO2. Framlegget er heller ikkje nytt. Det som er nytt er at forslaget med FrP og Høgre i regjering vert applaudert fram. Då Senterpartiet sat i regjering vart det stogga.

For det fjerde er regjeringa no i gang med å skjerpa krava til spreiingsareal for husdyrgjødsel. I framlegget er det mykje som tyder på at det vil kunne ha store konsekvensar for jordbruket i Rogaland. Dette skjer medan Høgre og FrP styrar skuta.

Eg vil rett og slett oppmoda Høgrefolk i Rogaland om å vakna. Stortingsrepresentantane til Høgre og FRP frå Rogaland må forstå at jobben deira ikkje berre er å vera i media og beklaga at dei ikkje vert høyrde av sine eigne parti. Det er ikkje berre at det at dei ikkje vert høyrde. Dei sit og i Stortinget sjølv og røystar for desse forslaga. Forslag som har det til felles at dei råkar arbeidsplassar og verdiskaping, samstundes som effekten av dei for klima, miljø og dyrevelferd er høgst usikre.       

Geir Pollestad
Stortingsrepresentant Senterpartiet.