Meny
gårdsdrift-landbruk-traktor-24002422338_b611568eaf_o

Matvalet 2021

Geir Pollestad Stortingsrepresentant for Sp, leder av næringskomiteen.

Det er mykje som står på spel for matproduksjonen, distrikta, matindustrien, bønder og folk i Noreg i dette valet.

Det store spørsmålet er om ein skal seie seg nøgd med der ein er eller om ein skal gje matproduksjonen og norske bønder eit kraftig løft.

Representantar frå Høgre, KrF og V er ofte ivrige etter å fortelja kor godt alt går i landbruket. Dei legg fram tal dei har sett opp og slår både seg sjølv og kvarandre på brystet. Dei er så krye av det dei, saman med Frp, har fått til.

Det er då eg lurer: Kor har dei vore hen denne våren? Har dei ikkje fått med seg opprøret i jordbruket? Har dei ikkje fått med seg brotet i jordbruksforhandlingane? Har dei ikkje fått med seg kravet om eit landbruksløft? Har dei ikkje fått med seg den kritikken mot talgrunnlaget? Har dei ikkje fått med seg situasjonen på bygdene? Svaret er truleg nei.

For same kor ein møter politikarar frå regjeringspartia så fortel dei historia om kor godt alt går. Og det bygger dei på tala som heile våre har fått så massiv kritikk og som utløyste bondeopprøret. Korleis kan nokon tru at regjeringa vil forbetre noko når dei ikkje godtek skildringa av korleis situasjonen er på norske gardsbruk og i norske bygder.

Jordbrukspolitikk er sjølvsagt viktig for bønder, folk på bygdene og dei som jobbar i matindustrien. Eg vil likevel hevde at jordbrukspolitikk er enda viktigare for folk i byane. Det er dei folka som bur høgast oppe i blokka som er mest avhengige av at matproduksjonen og matforsyninga fungerer.

Situasjonen i jordbruket er kritisk no. I lang tid har talet på bønder gått ned. Det er gode grunnar for at det er færre bønder no enn på 50-talet. Situasjonen no er at talet på bønder ikkje kan halde fram å falle.

Om det i ei bygd, over tid, har gått frå 20 til 5 bønder så kan ein framleis ha eit sterkt jordbruksmiljø. Det er langt meir alvorleg om ein går frå 5 bønder til 1 bonde. Då forvitrar miljøet. Då vert grunnlaget for butikken svekka. Då vert det mindre å gjera for dyrlegen. Då er det ingen naboar å utveksla erfaringar med eller slå av ein prat med.

I dei jordbruksstrøka som ligg meir sentralt og der mange bønder har investert så er ofte situasjonen at gjelda og arbeidsmengda tynger mange. Lønnsemda er rett og slett ikkje stor nok til å handtera lånet og samstundes gje ei skikkeleg inntekt.

Dette er ei verkelegheit som ein ikkje vil sjå i regjeringskvartalet og som difor gjer at det er viktig å få ei ny regjering som vil bygge opp norsk jordbruk.

FNs siste klimarapport viser tydeleg at det er blitt meir ekstremvær, at temperaturen vil stige og difor at vilkåra til å produsera mat i verda vert dårlegare. Dette skjer samstundes som innbyggartalet veks og fleire får auka kjøpekraft og vil etterspørje meir mat.

Då er «millionspørsmålet»: I ein slik situasjon skal me då føre ein politikk for å bruke meir av ressursane våre til å produsera mat eller skal me la ting skli mot stadig meir sentralisering, låg beitebruk, areal ut av drift og meir import av mat? Senterpartiet meiner at det er no me må satse.

Så skal ein vera varsam med å teikne opp løysingar utan å presentera svar. Her kjem difor ei politisk oppskrift på korleis ein kan styrke norsk jordbruk:

* Auke bondens inntekt

* Bruke meir pengar på matberedskap og matproduksjon

* Sikre at bonden får betre betalt for varen gjennom fylgjande grep:

* Betre tollvern

* Mindre til eigarane av daglegvarekjedane og meir til bonden

* Fleire verkemiddel for å regulera marknaden

* Bygge opp under samvirka

* Sikre investeringar på alle typer bruk og i alle deler av landet. Moderne driftsbygningar må til

* Ha kraftfulle og finmaska støtteordningar med tak og som gjer mest til dei første dyra og arealet

* Ein ny rovdyrpolitikk

* Tiltak for å redusera kostnadane i jordbruket.

* Sikre ein sterk næringsmiddelindustri som er tilstade i heile landet

* Gode merkeordningar som seier noko tydeleg om kva land maten kjem frå og kor mykje antibiotika som er nytta

* Samfunnet må stille opp med pengar til klimatiltak også i jordbruket

Eg er heilt trygg på at du vil sakne noko i denne lista. Eg ser sjølv at det er punkter som burde ha fått plass, til dømes eit kraftigare jordvern. Eg har rydda plass i innboksen min til innspela dine på dette.

Det er mange i Noreg som ikkje kvalifiserer til tittelen «bondeven» eller manglar «kjærleik til norsk mat.» Senterpartiet er ikkje på lag med desse. Difor er vårt viktigaste lovnad både før og etter valet at «me alltid skal stilla opp for norsk landbruk og norske bønder.»

 

Kommentar #Motkultur Nationen. Publisert 24.08.21