Meny
Illustrasjonsfoto - Psykisk helse

Treng ny regjering for betre psykisk helsehjelp

Lisa Marie Ness Klungland, Andrekandidat, Rogaland Senterparti

Pasientar med psykiske plagar og lidingar må få betre behandling og oppfølging. Ei ventetid på gjennomsnittleg 37 dagar (i Helse Vest RHF, 2020) og oppstykka behandling er verken god behandling eller den oppfølginga folk treng.

Ein går ikkje rundt med eit infisert sår så lenge, så kvifor er det annleis innan psykisk helse? Kai Storm Plener skriv i sitt lesarinnlegg 14. august at han gjerne skulle ha bytta sin psykiske sjukdom med ein fysisk.

Helsesektoren er eit fellesansvar i samfunnet. Målet med helsepolitikken skal vere å fremje helse og førebygge sjukdom, og dessutan sikre gode og likeverdige helse- og omsorgstenester til heile befolkninga, uavhengig av bakgrunn. Helseminister Bent Høie skriv i eit lesarinnlegg 16. august om kva Høgre og regjeringa har gjort.

Me veit at dei som jobbar innan psykisk helse gjer sitt aller beste, så gode rammar må vere til stades. Dagens helsepolitikk går i feil retning. Ei ny retning er naudsynt og mogleg og det som trengst er ei ny regjering.

Dei siste 20 åra er halvparten av sengeplassane innan psykisk helsehjelp forsvunne. Til å begynne med var utviklinga fagleg og politisk ønska, men nå åtvarar fagfolk om at nedlegginga av sengekapasitet er gått for langt.

Tomme ord
Senterpartiet fekk heldigvis med seg fleirtalet på Stortinget våren 2021 til å stoppe nedbygginga umiddelbart. Vedtaket sa òg at me skal sikte mot å auke døgnkapasiteten i tråd med behovet. Høie fortel at han ventar i spenning på å høyre om kva behovet frå sjukehusa er. Dette var mot stemmene til Høie sitt parti Høgre og dei andre regjeringspartia. Korleis kan ein fastslå ein nullvisjon mot sjølvmord og samtidig bygge ned psykisk helsehjelp? Dette verkar dessverre som berre tomme ord.

Høie fortel at dei har laga pakkeforløp som ein del av innsatsen. Tilbakemeldinga frå folk som jobbar med pakkeforløp, er at det gjev ekstra papirarbeid, som mykje anna statlege tilsette blir pålagd å gjere. Dette tek tida vekk frå pasientkontakten. Rapportering og målstyring blir meir og meir ein del av kvardagen, medan ein samtidig tek vekk meir og meir av den jobben ein utdanna seg til å gjere. Løysinga er ikkje å pålegge fagfolk fleire krav og reglar. Løysinga er å legge til rette for betre finansiering, rekruttering og auka behandlingskapasitet. Fritt behandlingsval gjer dessverre at sjukehusa konkurrerer om pasientane, i staden for å samarbeide. I tillegg gjev dette auka statlege kostnadar for sjukehusa då dei må kjøpe tenester frå private sjukehus.

Noko av det viktigaste me kan gjere for å få ned ventetida, er å prioritere førebygging. Psykiske plagar kan vere vanskelegare å sjå enn fysiske plagar. Det bør vere like sjølvsagt for ein 14-åring å snakke med helsesjukepleiar, som å ta ein årleg sjekk hos tannlegen. Tidleg innsats er viktig både for å førebygge og fange opp det som kan utvikle seg til meir alvorlege plagar. Difor vil Senterpartiet sikre eit lågterskeltilbod i alle kommunar.

Ikkje fått løftet som var lova
Fleire sårbare grupper har falt igjennom i dagens marknadsbaserte helsepolitikk. På trass av «den gylne regel» som sa at det skal vere større satsing innan psykisk helse enn somatikk, har psykisk helsehjelp ikkje fått det løftet som regjeringa i lova. Kostnaden av å gje psykisk helse si velfortente plass på prioriteringslista, vil vere mykje mindre enn kostnaden av å la vere. Å sette inn tiltak for å betre folk si psykiske helse, vil hindre fråfall frå utdanning og arbeidslivet. Med ei ventetid på 37 dagar vil ein elev få 20 dagar med fråvær. Viktigast av alt, vil det spare samfunnet og enkeltmenneske for store tap.

 

Leserinnlegg Stavanger Aftenblad 20.august 2021