Meny

Senterpartiet meiner Strand skal kjøpa skuleplasser som lova

Senterpartiet i Strand v/ Alf Henning Heggheim, Linda Asbjørnsen, Frida Apall, Leidulf Sigmundstad og Knud Idsø

Saka om kjøp av skuleplasser på Forsand skule av Nye Sandnes har ikkje uventa skapt sterke reaksjonar blant innbyggarane i grensejusterings området som blei ein del av Strand frå 01.01.2020. Bakgrunnen er eit brev til foreldra på Forsand skule frå administrasjonen i Strand med bakgrunn i budsjettvedtaket frå fleirtalskonstellasjonen H, KrF, FrP, V og BTN. Her kjem det fram at ungdomstrinnet vi bli overført til Jørpeland frå neste skuleår.

Senterpartiet har stor forståing for reaksjonane frå våre nye Strandbuar busett i grensejusteringsområdet ut i frå deira forståing av kva som blei sagt og lova under det åpna møtet på Lysefjordsenteret 19.02.2019 med politisk og administrativ leiing og dei politiske partia til stades; Skuleelevane i det grensejusterte området skulle få fullføre sitt skuleløp på Forsand sin 1-10 skule hvis dei ønska det. Dette er også gjenteke i ulike fora etterpå. Det var også forutsetninga når me gjekk inn i budsjettarbeidet saman med opposisjonspartia.

Senterpartiet meiner at måten dette har blitt håndtert på av Strand ikkje er ein god velkomst helsing til våre nye innbyggarar når me veit kva som tydelig blei formidla i prosessen. Det er rett som ordførar seier at me på tidspunktet for folkemøtet på Lysefjordsenteret ikkje visste nok om konsekvensene av grensejusteringa. Men, det er ikkje god nok grunn for å gå vekk frå det som er sagt.

Kommuneøkonomien er som ordfører seier stram for tida. I budsjettet for 2020 var oppdraget vårt å kutta 32 millionar. Det smerter når me veit at me eigentleg ut frå behova heller skulle ha diskutert korleis me skulle prioritera å styrka budsjettet med 32 mill. Administrasjonen har nylig rekna seg fram til at me vil spara 1 million i året på å flytta ungdomsskule elevane til Jørpeland. Men spørsmålet er om det er klokt å setta inn sparekniven her. Me trur ikkje det. Dei nye innbyggarane gjer oss både auka rammetilskudd, auka skatteinntekter og bidreg gjennom eigedomsskatt. Me må derfor sjå dette i ein større samanheng og eit lengre perspektiv enn å koka dette ned til ein ekstrakostnad pr. elev pr år i ein overgangsperiode. Ein gong i framtida ser me ikkje vekk frå at det kan komma spørsmål om grensejustering der Forsand sine innbyggarar som gjekk til nye Sandnes ønsker seg til Strand. Då må me legga stridsøksa ned jo før jo heller, vere rause med kvarandre, og tenka meir langsiktig. Dette handler om bygging av gjensidig tillit og truverdighet til kvarandre. Tillit blir som kjent bygt i millimeter og rive i kilometer. 

Ordføraren har invitert til å møte dei politiske partia i Strand i samband med gruppemøta i forkant av møtet i Kommunestyret 19.02. Det er prisverdig. Me treng å snakka med kvarandre, og ikkje om kvarandre, lytta til kvarandre og sjå kva som kan gjerast. Det er ikkje for seint. Det handlar om politisk vilje.