Meny

Senterpartiet slår ring om Nordre Strand Oppvekstsenter

Alf Henning Heggheim, Linda Asbjørnsen, Frida Apall, Leidulf Sigmundstad og Knud Idsø

Leserinnlegg fra Senterpartiet i Strand.

Rådmannen sitt forslag om å legga ned skulen og barnehagen på Fiskå har ikkje uventa skapt sterke reaksjonar i Nordre Strand. Takk for støttemarkeringa på sundag der eit stort frammøte av engasjerte elevar, foreldre, besteforeldre, lærarar, tidligare elevar med appellar, elevsong og fakkelgåing rundt skulen ga ei klar melding til oss folkevalgte: Ikkje legg ned skulen og barnehagen som er «limet» i Nordre Strand og betyr så mykje for oss!

For oss folkevalgte gjer sjølsagt eit slikt engasjement stort inntrykk. Det skal me lytta til. Senterpartiet har heile vegen vore tydelig på at det for oss ikkje er aktuelt å legga ned skulen og barnehagen i Nordre Strand. Me har ikkje tenkt tanken ein gong. Det trur og håpar me heller ingen av dei andre partia vil. Det er altfor lettvint av rådmannen å føreslå kutt som rammar utkantane. Kvart einaste år må Senterpartiet til dømes kjempa for å behalda ein liten søknadspott på 500 000 i året til tiltak i utkantane. Å få til bustadbygging i utkantane er helle ikkje noko lett oppgåve. Nå får me berre håpa på at rådmannen ikkje årleg kjem med forslag om å legga ned skulen og barnehagen. Rådmannen er sjølsagt i sin fulle rett til å føreslå ei nedlegging, men om det er klokt er eit anna spørsmål.

Me har nettopp vedteke ein ny samfunnsdel til kommuneplanen der Fiskå er eit av dei 3 sentrene i den flotte kommunen vår, og der Nordre Strand skal utviklast vidare. Føremålet er å skapa langsiktighet for kommunen sine innbyggarar og eit godt omdømme til viktige tenestetilbud som skule og barnehage slik at folk velger å busette seg i Nordre Strand. Forslag om ei nedlegging er jo det stikk motsette av dette målet. Skulen og barnehagen er hjarta i ei slik vidareutvikling. Skulen og barnehagen i nærleiken er utvilsamt ein viktig faktor for kor folk vel å busette seg.  

Me har satsa på bustadfelt i Bjødnåsdalen og Krågevollhagen. Dei siste åra er skulen oppussa for nærare 15 millionar. Arbeidet er heller ikkje heilt ferdig. Elevtalet gjer heller ikkje grunn til nedlegging. Då blir det for oss i Senterpartiet merkverdig om me nå skulle gjera vedtak om å legga ned. Så ei oppmoding til alle foreldra som soknar til skulekrinsen. Nokre har av ulike årsaker valgt å ta ut sine elevar frå skulen på Fiskå for å flytta dei til friskulen eller den offentlige skulen på Tau. Ikkje gjer det utan dokk må. Nordre Strand treng kvar elev for å oppretthalda den flotte skulen inn i framtida.

Me skal heller ikkje undervurdera kva betydning skulen har som sosial møteplass utanom skuletida. Utan skulen blir 17. mai feiringa fattigare, og det kan stillast spørsmål med om det er grunnlag for å oppretthalda idrettslaget hvis skulen blir lagt ned. Krinsen har også eit pulserande næringsliv som betyr mykje for lokalsamfunnet og kommunen, og som veit å setta pris på skulen og barnehagen. For Senterpartiet er Nordre Strand ein viktig del av den vidare utviklinga av den flotte kommunen vår. Då blir det heilt feil å legga ned barnehagen og skulen!