Senterpartiet har i lang tid kjempa for ny symjehall på Tau. Me klarte å få satt av 5 mill. til forprosjekt i 2021, og første bevilgning på 75 mill. i 2022. Senterpartiet vil prioritera å fullfinansiera ny symjehall på Tau slik at det kan stå ferdig i 2023. Dette handlar både om symjeopplæring og bustads attraktivitet.
Allerede i november 2016 tok me etter innspel frå FAU opp i kommunestyret spørsmålet om symjeopplæringa til 4. klasse på Tau. som var kritiske til at elevane ved Tau skule må ta rutebuss annakvar veke til Jørpeland i forbindelse med symjeopplæringa. Effektiv bassengtid var kun 20-30 min, fordi mesteparten av tida går vekk i busstransport til/frå Jørpeland. Me har fulgt dette opp i budsjettet både for 2017, 2018 og 2019.
Det har lenge vore kjent at kommunen ikkje tilfredsstiller lovkrava til symjeopplæringa. Me låg 4 gangen under lovkrava. Situasjonen var spesielt prekær for Tau, som i fleire år har hatt mykje mindre bassengtid enn elevane på Jørpeland, som har hatt symjing i både 4. og 5. klasse. Det blei derfor frå hausten 2017 satt opp eigen buss slik at bassengtida auka til ca. 1 time. Det er positivt og ei klar betring av tilbudet.
Senterpartiet meiner det er gode grunner til å prioritera ny symjehall på Tau.. Pr. i dag gir me ikkje eit likeverdig tilbud til alle elevane i Strandaskulen. Symjeopplæringa er lite effektiv. For mykje tid går vekk til transport noko som medfører mindre bassengtid. Sjøl om det 26.09.18 blei vedtatt å endre organiseringa for å tilfredsstille lovkrava, vil fortsatt alt for mykje verdifull tid gå med til transport av elever på bekostning av bassengtid. Dessutan tilfredsstiller ikkje bassenget på Jørpeland krava til universell utforming.
I Stavanger Aftenblad 18.07 sto det ein reportasje om at norske barn er dårligast i norden til å symja og at Rogaland dessverre har flest drukningsulykker så langt i 2019. Kun halvparten av norske femteklassingar kan symje skikkelig. Redningsselskapet meiner at skulen ikkje har ressurser nok til å drive symjeopplæring etter læreplanen. Senterpartiet vil at 1. til 5. klassingar i Strand skal få bruke badebassenget på Jørpeland gratis. Redningsselskapet meiner også at symjeopplæringa i større grad må flyttast ut i friluft slik at ein får meir realistiske situasjonar då det er stor forskjell på eit 30 graders basseng og det å måtte hoppe ut i kaldt saltvatn. Senterpartiet vil utfordra skulane på om dette kan innarbeidast som ein del av symjeopplæringa i Strandaskulen.
Senterpartiet kan lova at me vil fortsetta vårt engasjement for ny symjehall på Tau. Symjeopplæringa er viktig for at flest mogleg skal lære å symje, men også for å normalisera barn- og ungdom sitt forhold til kropp, garderobe, dusj og basseng. Ei stemme til Senterpartiet, er derfor ei stemme til å prioritera ny symjehall på Tau innan 2023. Godt valg!