Meny

Sp vil oppretthalda legevakta i Strand, ikkje flytta den bit for bit til Stavanger.

Alf Henning Heggheim Gruppeleiar og ordførarkandidat

Det blei ein frisk debatt med høg temperatur då Formannskapet 13.03 diskuterte spørsmålet som Senterpartiet hadde stilt til ordførar. Bakgrunnen er at administrasjonen har innleia samtalar med Stavanger om eit mulig legevaktsamarbeid, der ein i første omgang ser på samarbeid på natta. Senterpartiet er krystallklar på at legevakta ikkje skal flyttast til Stavanger bit for bit. Den skal ligge i Strand, også på natta!

Debatten i Formannskapet viser at dette er ei øm tå for politisk leiing med H og KrF i spissen. Sp blei skulda for skremselspropaganda og populisme. Me hadde forventa støtte, men måtte skuffa registrere at det nærast blei applaudert å gå vidare i samtalane med Stavanger. Debatten viser dessverre at det er all grunn til å vere på vakt. Ordførar lova at det skal leggast fram ei sak som gjer greie for utfordringane og mulige tiltak for å styrke fastlegeordninga og den lokale legevakta, og haldast eit temamøte i april. Det er positivt og på sin plass at lokalpolitikarane i Strand blir involvert og engasjerer seg i fastlegeordninga.

Bakgrunnen for Sp sitt engasjement var ein reportasje i Strandbuen 06.03 under overskrifta «Vurderer å bli ein del av legevakten i Stavanger». Me har fått mange reaksjonar frå innbyggerar. Det er heilt ukjent for oss folkevalte at administrasjonen har innleia samtalar med Stavanger om eit legevaktsamarbeid. Det er ikkje akseptabelt at me blir informert om dette via lokalavisa. Dette blei heller ikkje nevnt på temamøte for kort tid sidan om det pågåande arbeidet med ny helse- og omsorgsplan.

Legesituasjonen i Strand er utfordrande og har vore det over tid. Senterpartiet har ingen problem med å forstå at det må gjerast tiltak for å betra rekrutteringa til fastlegeordninga, og ikkje minst for å behalda fastlegane. Utfordringane med dagens fastlegeordning er landsdekkande, og noko som regjering og Storting må gripa fatt i snarast. Samstundes må Strand kommune sjå kva som kan gjerast lokalt for å bidra til å rekruttera og behalda fastlegar. Etter vår oppfatning blir det feil å starta ei slik vurdering med å skapa usikkerhet rundt legevakttilbodet i Strand.

Det blir i reportasjen antyda at legevakta på Jørpeland vil fortsetja, men at det i første omgang kan vere aktuelt å sjå på eit samarbeid med Stavanger nattestid. Når Ryfast åpnar kan det bli lettare å rekruttera og behalde legar. Sp er positiv til eit legevaktsamarbeid som kan styrka fastlegeordninga og legevakta i Strand, men me vil ikkje ha eit samarbeid som flyttar legevakta bit for bit ut or kommunen. Dersom legevakta blir flytta til Stavanger på natta, så vil det gi eit dårligare tilbod for kommunen sine innbyggarar med lengre reisetid, meir venting og auka kostnader. I tillegg stiller me spørsmål om kva som blir neste steg?

For Sp handlar dette om å sikre viktige tenester nær folk. Me har sett nok av H/FrP regjeringa sin sentraliserings iver – nå også med KrF på laget. Fastlegeordninga er ein sentral del av primærhelsetenesta i kommunane. Sp meiner me må starta med å sjå på organiseringa av fastlegane i Strand, og den totale arbeidsbelastinga til legane. I dag er det t.d slik at fastlegane må kjøpa seg inn i privatpraktiserande legesenter. Kanskje bør Strand kommune heller vurdera fleire kommunale faste stillingar, både for ferdig utdanna spesialistar i allmennmedisin og for allmennlegar under utdanning.

For innbyggerane våre er det viktig å ikkje så tvil om legevakta i Strand ved å svekka tilbodet bit for bit. Me har stor forståing for arbeidsbelastninga som legane har, og at noko må gjerast raskt for å endra på dette, slik at det blir lettare å rekruttera og behalda legar til fastlegeordninga og legevakta. Senterpartiet ser fram til å få ei sak på bordet om den lokale fastlegeordninga og legevakta. Me vil kjempe hardt for å sikre eit best mogleg tilbod for våre innbyggerar og for å bevare det lokale legevakttilbodet.