Grunngitt spørsmål til møte i Levekårsutvalet 30. januar 2018 ved Kjersti Tau Strand, Sp
Dette var overskrifta i leiar-artikkelen i Stavanger Aftenblad lørdag 20. januar 2018. Utgangspunktet for denne påstanden var blant anna den store Utdanningskonferansen som blei arrangert i Stavanger 16. – 17. januar, og ulike artiklar i avisa i forkant av denne konferansen.
Barneombodet har nyleg utarbeida rapporten «Uten mål og mening» - om elevar som mottar spesialundervisning. Rapporten blei presentert på konferansen, og bodskapen var at mykje må gjerast for at spesialundervisninga skal bli god nok for alle. Foreldre og elevar opplever slitsomme kampar for å få den hjelpa dei treng og mangel på kompetanse hos dei som skal gi hjelp. Samansetting av grupper er også eit problem. Elevar som ikkje tåler støy blir til dømes satt i grupper i lag med utagerande elevar. Leiar-artikkelen i Stavanger Aftenblad 20. januar viser også til Utdanningsdirektøren i Rogaland Sølvi Ona Gjul som peiker på gapet mellom det politisk korrekte målet om «tidleg innsats», og det faktum at det brukes mest ressurser på spesialundervisning seint i grunnskuleløpet.
Korleis er så situasjonen når det gjeld spesialundervisning i Strand kommune? Strand kommune deltok på Utdanningskonferansen, og eg reknar med at den sterke kritikken av spesialundervisninga i den norske skulen blir drøfta av dei tilsette i skulen i Strand no i etterkant. Alle politikarane i Levekårsutvalet ønsker at skulane våre skal gi god undervisning til alle – også dei som treng ekstra hjelp eller tilrettelegging. Har vi prioritert rett eller er det slik at spesialundervisninga i Strand også oppleves å vere «utan mål og meining»?
Med bakgrunn i dette vil Senterpartiet be om at Levekårsutvalet blir orientert om status for spesialundervisning i skulen i Strand i forhold til:
· ressursbruk knytta til spesialundervisning på dei ulike klassetrinna
· talet på klagesaker på vedtak om og kvaliteten på spesialundervisning
· bruk av ufaglært personell (assistentar)
· samansetting av grupper, og
· om det er gjennomført evaluering av spesialundervisninga i skulen i Strand
Kjersti Tau Strand, Sp