Meny

Det er lov å snu Hareide!

Sigurd Reksnes, Fylkestingsrepresentant og leiar i Vestland Sp

Hareide treng ikkje sjå langt over landegrensene for å sjå kva konsekvensar lovendringa vil føra til for drosjetilbodet i landet. Han har nå moglegheita til å bruke makta si og stanse frisleppet til Frp, som kan øydelegge drosjetilbodet slik vi kjenner det i dag. Eit tilbod som mange er heilt avhengige av for å delta i samfunnet.

I dag kan ein bestille drosje kor tid som helst på døgeret, og vere sikker på at det er drosje å få. Det er lovfesta. Frå 01. juli fjernar regjeringa køyreplikta som gjer at du får drosje, same kor tid på døgnet du ringer.

Nabolanda som har prøvd ut denne lovendringa sit att med følgjande erfaring:  prisane har auka, dekninga i distrikta har vorte dårlegare, og det er ikkje bilar å få tak i på «ugunstige tider».

Medan Finland no utgreier korleis dei kan reversera denne ordninga, jobbar regjeringa i Noreg for å setja den same ordninga i verk.  Det er ikkje til å forstå. Mange mindre kommunar med eit avgrensa kundegrunnlag vil vere sårbare med det nye regelverket, noko erfaringane frå nabolanda viser.  

Eg utfordrar statsråd Knut Arild Hareide til å ta opp att saka, og snu før det er for seint. Følgjene av denne lovendringa vil nemleg bli dramatiske for svært mange, mellom anna funksjonshemma.

I dag kan fylkeskommunane påleggje drosjenæringa å ha bilar tilrettelagt for rullestolbrukarar. Med den nye lovendringa vil ikkje fylka få  høve til det lenger. Dette blir ytterlegare forverra med at ein ikkje lengre vil gi refusjon for meirinvesteringar til slike bilar. Og, som det ikkje var nok, så har avgiftene auka på dei tilrettelagde bilane. Med slike vilkår er det lite sannsynleg at næringa framover vil finne det økonomisk forsvarleg å investere i slike bilar. Kven skal då syte for transport til dei funksjonshemma?

Det har vore Frp sitt prosjekt å liberalisere drosjenæringa. Dersom du har ein fin privatbil og ein app, så meiner Frp at du kan starte å køyre drosje. Det vi har sett i nabolanda våre er at det vert ei enorm overetablering i dei store byane, medan ein på landsbygda i mange område blir ståande utan drosjer i det heile teke.

Regjeringa har eitt tiltak på hand som dei hevda vil sikra eit døgnkontinuerleg drosjetilbod etter lovendringa:

Etter 1.juli kan Fylkeskommunane nemleg gi enkelte løyvehavarar såkalla «einerett» på drosjekøyring der det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande tilbod. Dette er likevel eit klart tilbakesteg frå dagens lovfesta køyreplikt, og det er så mange lause trådar rundt denne eineretten at eg ikkje ser det som ei forsvarleg løysing.

Spørsmålet er om fylkeskommunane vil dele ut einerett, og om næringa sjølve vil ta imot? Utan einerett er det nemleg lite sannsynleg at det blir eit døgnope og heilårleg tilbod i mange område.

Vidare lurer eg på kva grunnlag fylka skal kunne avgjere kvar einerett er nødvendig og må innførast? Korleis skal den verdsetjast i eit anbod?

Denne eineretten vil heller ikkje gjelde for pasienttransport. I fleire kommunar kan pasienttransporten utgjere over 80% av køyringa.  Det er då usikkert om den lokale løyvehavaren som har fått pasienttransporten ynskjer nokon einerett som inneber vaktberedskap 24-7 året rundt.

Hareide treng ikkje sjå langt over landegrensene for å sjå kva konsekvensar den nye lova vil føra til.  Han har nå moglegheita til å bruke makta si og stanse frisleppet til Frp, som kan øydelegge drosjetilbodet slik vi kjenner det i dag. Eit tilbod som mange er heilt avhengige av for å delta i samfunnet.