Meny
20210526-SP-_92A1741-Edit

Ei psykt viktig prioritering

Psykiske plagar har etablert seg som ei av dei største helseutfordringane i Noreg. Dei siste åra har stadig fleire barn og unge hatt behov for psykisk helsehjelp. Likevel har det ikkje vorte prioritert nok ressursar til å imøtekomme den aukande pågangen på ein god nok måte. Det vil Senterpartiet gjere noko med.

I fjor var den gjennomsnittlege ventetida innan psykisk helse for barn og unge 45 dagar. Det betyr at det i gjennomsnitt tek 1,5 månad frå du vert henvist og sett på venteliste, til helsehjelpa startar. For å samanlikne, så forstår alle at det er uforsvarleg å gå rundt med eit infisert sår i 45 dagar. Det er ikkje forsvarleg med ei så lang ventetid i psykiatrien heller.

Det er eit politisk ansvar å sørge for at helsevesenet sin kapasitet tilsvara behovet. Det er på høg tid å trappe opp investeringane og auke kapasiteten innanfor psykisk helse. Senterpartiet vil sette inn tiltak for at ungdom skal få hjelp i rimeleg tid, uansett kvar ein bur. Løysinga er ikkje å pålegge fagfolka som gjer jobben i førsterekka fleire krav og reglar. Løysinga er å legge til rette for betre finansiering, rekruttering og auka behandlingskapasitet.

Noko av det viktigaste vi kan gjere for å få ned ventetida, er å prioritere førebygging. Psykiske plagar kan vere vanskelegare å sjå og bære enn fysiske plagar. Det bør vere like sjølvsagt for ein 14-åring å snakke med helsesøster om korleis ein har det, som å ta ein årleg sjekk hos tannlegen. Tidleg innsats er viktig både for å førebygge og fange opp det som kan utvikle seg til meir alvorlege plagar. Difor vil Senterpartiet sikre eit lågterskeltilbod i alle kommunar.

Barne- og ungdomspsykiatrien treng og fortener eit løft. Kostanden av å gje psykiatrien sin velfortente plass på prioriteringslista, vil vere mykje mindre enn konsekvensen av å la vere. Å sette inn tiltak for å betre unge si psykiske helse vil hindre fråfall frå utdanning og arbeidslivet. Viktigast av alt, vil det spare samfunnet og enkeltmenneske for store tap.

 

Emma Berge Ness

Ungdomskandidat Sogn og Fjordane Senterparti