Ein framtidsretta forsvars- og tryggingspolitikk
Målsettinga for forsvars- og tryggingspolitikken er å hevde norsk suverenitet og sikre nasjonale interesser. Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner vi skal ha eit nasjonalt forsvar bygd på verneplikt, og som er til stades i heile landet. Hovudoppgåva til Forsvaret skal vere å trygge norsk territorium og våre havområde, samt sikre norske ressursar og tilgangen til desse.
Den folkelege bærebjelken i Forsvaret er verneplikta. Senterpartiet meiner at verneplikta gjev ein demokratisk basis for Forsvaret. Rekrutteringsbasen skal vere med å sikre ei god rekruttering frå alle delar av landet.
Eit operativt og desentralisert Heimevern (HV) med gode kapasitetar er ein avgjerande viktig del av totalforsvaret. HV har ein struktur, ei reaksjonsevne og ein lokalkunnskap som gjev resten av Forsvaret verdifull støtte dersom ein situasjon skulle oppstå. HV har og eit ansvar knytt til sivilmilitært samarbeid som er viktig. Sjøheimevernet må oppretthaldast på dagens nivå.
Men HV åleine kan ikkje forsvare landet på ein fullgod måte. Vi vil hevde at utan fullgode hærstyrkar kan vi ikkje forsvare landet på truverdig måte. Skal vi verkeleg kunne stanse større fiendtlege styrkar må vi ha dugande hærstyrkar som kan operere i brigdeforband. Det er hærstyrkar som tek lengst tid til å skipe til landet vårt dersom det skulle oppstå kriser. Det vil såleis vere lettare å få hjelp av allierte med sjø- og luftstridskrefter, mellom anna med fleire brigader.
Åtak i det digitale rom er ei veksande utfordring. Noreg må intensivere oppbygging og kapasitet til å førebygge cyberangrep mot norske interesser. Dette må skje gjennom å arbeide på tvers av sektorar og i eit tett samarbeid mellom sivile og militære aktørar.
Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:
- Sikre eit sterkt forsvar som har kapasiteter og er godt rusta for forsvar av norsk territorium.
- Auke løyvingane til Forsvaret til 2 % av BNP innan 2024.
- Halde fast på medlemskapet i NATO.
- Ha eit forsvar som er basert på allmenn verneplikt.
- Stoppe alle planlagde reduksjonar i Hær og Heimevern fram til Stortinget har handsama landmaktutgreiinga. Landmakta må styrkast i det framtidige forsvaret
- Redusere Forsvaret sine stabs- og administrasjonskostnader til fordel for operativ verksemd.
- Legge ned Forsvarsbygg og Forsvarets Logistikkorganisasjon (FLO) og overføre oppgåvene til forsvarsgreinene.
- At store utstyrsinvesteringar (eksempelvis kampfly) må ikkje gå utover dagleg drift og oppdateringa av utstyr elles i Forsvaret.
- Auke ressursane til HV slik at HV-distrikta kan gjennomføre årleg trening og vere oppdatert på utstyr både til avdeling og enkeltmann.
- Oppretthalde Sjøheimevernet (SHV) på minst 2016-nivå.
- Bygge opp kompetanse og dimensjonere cyberforsvaret til ei sterk og innovativ eining som kan handtere dagens og framtidas utfordringar.
- Vidareutvikle sivilmilitært samarbeid som ein viktig berebjelke i totalforsvaret.
- Seie nei til norsk deltaking i internasjonale militære operasjonar utanfor NATO dersom det ikkje føreligg ei klar forankring og mandat i SN.
- At Noreg skal arbeide for internasjonale og bindande avtalar som på sikt forbyr atomvåpen.
Til
Forsvarsdepartementet v/statsråd Ine Eriksen Søreide
Utanriks- og Forsvarskomiteen på Stortinget
Forsvaret v/forsvarssjefen
Vedteke på Senterpartiet i Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte i mars 4. 2017.