Meny
Erling Sande

Erling Sande svarar Ap-ordførarane om EØS

I eit innlegg i avisene går ei fleire AP-ordførarar til angrep på Senterpartiet, og kjem med skremselspropaganda mot Sp sin EØS-politikk. Strategien er å skape eit inntrykk av at vi vil skrote marknadstilgongen til Europa når vi ønskjer å utgreie alternativ til EØS. Liknande påstandar er også kome frå Høgre og andre EU tilhengarar. Det er usant. Det er freistande å lure på om det er påstandar som vert sett ut for få fokuset vekk frå eigen sentraliseringspolitikk.

For det første. Vi skal sikre norsk næringsliv sin marknadstilgong til både Europa og andre viktige marknader. Verken eg eller Senterpartiet har sagt noko anna. Alle land er opptatt av å sikre handel med viktige handelspartnarar. Men vi skal samtidig stå opp for dei norske interessene. Det betyr også å utnytte det handlingsrommet vi har i EØS og ikkje ukritisk innføre alle direktiv som kjem frå Brussel. For nokre år tilbake når EU påstod at heimfallsretten ikkje var i tråd med EU reglane, så tok Senterpartiet og den raudgrøne regjeringa kampen gjennom ei rettsak og ordna eit system som sikra dei store norske vasskraftressursane. Alternativet ville vore privatisering og utsal. Nettopp det viser kor viktig Senterpartiets kritiske røyst mot EØS-avtala er.

Senterpartiet meiner at folkevalde har eit ansvar ovanfor det norske folk, å heile tida jobbe for best moglege føresetnadar for norsk næringsliv. Det er dette som ligg til grunn for at Senterpartiet vil jobbe for betre avtalar med EU med færre negative innverknadar på det norske samfunnet. 

EØS-avtala påverkar organiseringa av samfunnet på ein måte som resulterer i stadig mindre makt til Stortinget. Folkestyret vert svekka systematisk på nærast alle samfunnsområde – til fordel for marknadskreftene. Senterpartiet meiner Stortinget må ta tilbake makta til å styre dei store linjene i arbeidsmarknaden. Det hjelp lite at AP vil styrke arbeidsmiljølova når EØS- avtala overstyrer norsk lovgjeving på området. Difor er også store delar av fagrørsla samde med Senterpartiet i at vi må stå opp for dei norske interessene i EØS samarbeidet og mange ønskjer i likskap med Sp ei anna tilknyting.

Høgreregjeringa har tilslutta Noreg til European Labour Authority (ELA), som er EUs arbeidsmarknadsbyrå. ELA er eit overvakingsorgan med mål om å harmonisera arbeidslivspolitikken i EU/EØS. Sjølvsagt vil dette ha konsekvensar for utforminga av norske tariffavtalar, norsk arbeidslivslovgjeving og alle dei institusjonane som byggjer opp under den norske modellen. Senterpartiet meiner dette utfordrar den norske arbeidslivsmodellen. 

Senterpartiet har trua på norsk næringsliv. Vi ynskjer å få på plass ein betre avtale med EU, noko vi meiner ikkje er særlig oppsiktsvekkjande. Ein ny, framforhandla avtale med marknadane internasjonalt må sjølvsagt sikre råderetten vår internasjonalt, sikre arbeidsplassar samt gi marknadsadgang som ikkje er dårlegare enn i dag.