Meny
Bli medlem
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Erling Sande toppar SP-lista

Erling Sande frå Gloppen toppar nominasjonsnemnda sitt framlegg til stortingsvalliste for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.  Aleksander Øren Heen (Årdal) og Emma Berge Ness (Sunnfjord/Senterungdomen) står på dei neste plassane.

Publisert: 27.10.2020 #Sogn og Fjordane

-Nominasjonsnemnda legg fram eit heilheitleg og godt framlegg til valliste for Senterpartiet.  Framlegget er samrøystes.  Eg meiner vi har fått til god fordeling både på geografi, kjønn og alder og eg er særleg nøgd med at vi har funne plass til tre senterungdomar på lista seier Per Kjøllesdal, leiar i nominasjonsnemnda.

 

-Erling Sande er ein røynd politikar som tidlegare har vore fast møtande vara på Stortinget.  Sande var i tida på Stortinget mellom anna leiar av Energi- og Miljøkomiteen.  Etter tida på Stortinget har Sande jobba i privat næringsliv og fått ein kompetanse som er viktig å ta med seg i vidare politisk arbeid.  Sande har også tidlegare politisk erfaring frå kommunestyret i Bremanger og han har vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane.  -Erling Sande er ein samlande og god kandidat som vil gjere ein god jobb for Sogn og Fjordane på Stortinget seier Kjøllesdal.

 

-Nominasjonsmøtet skal vere siste helga i november og eg vonar møtet støttar opp om nominasjonsnemnda sitt framlegg avsluttar Per Kjøllesdal.

 

Nominasjonsnemnda sitt framlegg:

  1. Erling Sande – Gloppen
  2. Aleksander Øren Heen – Årdal
  3. Emma Berge Ness – Sunnfjord/Senterungdomen
  4. Gunn Åmdal Mongstad – Solund
  5. Sigurd Reksnes – Stad
  6. Sander Solheim – Fjaler/Senterungdomen
  7. Kristin Rundsveen Bøtun – Sogndal
  8. Rune Hegrenes – Sunnfjord
  9. Sidsel Kongsvik – Kinn
  10. Hilde Horpen – Årdal/Senterungdomen