Meny
20201128_130223329_iOS

Ja til Sogn og Fjordane som eige fylke

Under overskrifta ”Kven vil vi vere, Sogn og Fjordane?” skriv Høgre sin stortingskandidat Olve Grotle i fleire aviser belærande om kvifor det store fleirtalet som ynskjer å gjenopprette Sogn og Fjordane fylke tek feil. Det bør ikkje stå uimotsagt. Ynskje om å gjenopprette Sogn og Fjordane er verken urealistisk eller dumt. Det er framtidsretta.

Det er verdt å merke seg at Høgrerepresentanten ikkje innrømmer noko ansvar i si forteljing om korleis Vestland fylke blei til. Fakta er at Vestland fylke er ein del av Høgre-regjeringa si regionreform. Både initiativet bak og vedtaket om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland er fatta av det noverande stortingsfleirtal, der Høgre er det største partiet.

 

Høgre, Venstre, Frp og Krf påla fylkestinget i Sogn og Fjordane å drøfte kven dei ville slå seg saman med. Det var ikkje noko frivillig over det. Vidare stilte fylkestinget fleire krav til samanslåinga. Høgre-regjeringa har ikkje innfridd nokon av desse krava. Kvifor skal folk i Sogn og Fjordane kjenne seg forplikta av dette vedtaket, når arkitektane bak reforma tydelegvis ikkje gjer det?

 

Fleire andre regionar har allereie varsla at dei vil be Stortinget om oppløysing etter stortingsvalet til hausten. Det er ingenting i vegen for at Vestland kan gjere det same. Høgre må sjølv ta ansvar for at det er brukt tid og krefter på ei halvhjarta regionreform. Grotle møter dessutan seg sjølv i døra når han antyder at Høgre kanskje ikkje vil ha noko fylkesnivå i det heile teke.

 

Heldigvis er det framleis dei gamle fylkesgrensene som utgjer valkretsar ved stortingsval. Også i september skal folk i Sogn og Fjordane velje sine eigne folkevalde til Stortinget. Når meiningsmåling på meiningsmåling syner at eit overveldande fleirtal ynskjer å gjenopprette Sogn og Fjordane, fortel det meg som stiller til val at dette er ei viktig sak å jobbe for.

 

Som ein elles svært positiv talsperson for alt som går bra i Sogn og Fjordane, er det overraskande at Grotle er så uroa for Sogn og Fjordane ved ei gjenoppretting. Mykje gjekk bra i Sogn og Fjordane før fylkessamanslåinga i 2020. Senterpartiet ser lyst på framtida og har tru på Sogn og Fjordane som eige fylke, med levande lokalsamfunn og tenester nær folk.