Meny
Bli medlem

Jon Askeland frå Radøy toppar lista for nye Vestland fylke

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland#Sogn og Fjordane

Nominasjonsnemnda til Hordaland SP og Sogn og Fjordane SP føreslår samrøystes ordførar Jon Askeland frå Radøy til listetopp og fylkesordførarkandidat for nye Vestland fylke. 

Jon Askeland har siste 12 år vore ordførar på Radøy, og er i dag også leiar i miljø- og samferdselsutvalet i Hordaland fylke.

Med si breie erfaring og samlande eigenskapar, sin store arbeidskapasitet og gode kjennskap til heile det nye fylket, er Jon ein klar kandidat til å verta Vestland fylke sin første fylkesordførar.

 

Listeframlegget er samansett med ein god balanse mellom dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, og mellom bygd og by.

 

På andre plass støttar fleirtalet i nemnda Aleksander Øren Heen frå Årdal, medan mindretalet støttar Sigurd Erlend Reksnes frå Eid. Begge er svært solide kandidatar som på kvar sin måte vil bidra med politisk tyngde, engasjement og kompetanse.

Noverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, er samrøystes innstilt på tredjeplass. Nemnda er svært glade for at Jenny ynskjer å bidra med sin kunnskap og erfaring i den nye fylkestingsgruppa.

På fjerdeplass innstiller nemnda samrøystes Sigrid Brattabø Handegard, tidlegare ordførar i Jondal, politisk rådgjevar for samferdselsministeren og noverande sentralstyremedlem i Senterpartiet.

På femteplass innstiller nemnda på Hilde Horpen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane senterungdom. Hilde har trass sin unge alder opparbeidd seg rik erfaring både organisatorisk og politisk og er no er inne i sin fyrste periode som kommunestyremedlem i Årdal.

 

Senterpartiet har alltid prioritert ungdom høgt oppe på listene, så også i år med to ungdommar inne blant dei ti øvste på lista.

På sjetteplass innstiller ei samrøystes nemnd på Alexander Fosse Andersen frå Bergen. Alexander er ungdomsskulelærar i Bergen, han sit i fylkestinget og har samanhengande erfaring med utdanningspolitikk i fylkesting like frå 2005. Med Alexander på sikker plass får Bergen ei tung stemme frå Senterpartiet i fylkestinget.

 

Topp 6 på Senterparti-lista representerer stor politisk erfaring og appell, brei geografisk breidde og varierte eigenskapar. Nominasjonsnemnda er trygge på at denne lista vil vera eit godt utgongspunkt for ein framifrå valkamp og eit godt valresultat.

 For meir informasjon kontakt: Jakob Bjelland//leiar i nominasjonsnemnda m: 908 27 918

Under kan de sjå heile lista; 

LISTEFORSLAG VESTLAND SENTERPARTI

1.     Jon Askeland Radøy /Alver 1964
2.     Aleksander Øren Heen/Sigurd Erlend Reksnes Årdal/Eid (Stad) 1989/1977
3.     Jenny Ellaug Følling Gaular/Sunnfjord 1962
4.    Sigrid Brattabø Handegard Jondal/Ullensvang 1963
5.    Hilde Horpen Sul/Årdal 1996
6.    Alexander Fosse Andersen Bergen 1983
7.    Sigurd Erlend Reksnes/Aleksander Øren Heen Eid (Stad)/Årdal 1977/1989
8.    Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim Etne 1963
9.    Gunn Åmdal Mongstad Solund 1963
10.   Lars Fjeldstad Sul/Osterøy 1993
11.   Samson Hamre Ullensvang/Voss Herad 1957
12.   Karoline Aldis Bjerkeset Gloppen 1978
13.   Jostein Ljones Kvam 1967
14.   Erlend Haugen Herstad Naustdal/Sunnfjord 1987
15.   Hans Inge Myrvold Kvinnherad 1985
16.   Gunn Karin Sande Selje/Stadt 1960
17.   Sara Hamre Sekkingstad Sul/ Radøy/Alver 1993
18.   Marit Aakre Tennø Luster 1977
19.   Jakob Bjelland Stord 1972
20.   Nikolai Åshamar Eid/Stad/Sul 1993
21.   Knut Eivind Nygård Sund/ Nye Øygarden 1958
22.   Per Atle Kjøllesdal Stryn 1956
23.   Herborg Irene Borgen Nordtveit Fusa/Bjørnefjorden 1964
24.   Magni Aa Berge Gloppen 1974
25.   Kjetil Høgseth Felde Fjaler 1971
26.   Ove Sverre Bjørdal Bergen 1971
27.   Morten Askvik Hyllestad 1971
28.   Anita Jordalen Voss/ Voss Herad 1962
29.   Rune Hegrenes Førde/Sunnfjord 1975
30.   Gro Rydland Fitjar 1953
31.   Britt Linda Domben Mulelid Bremanger 1970
32.   Asbjørn Nagell Toft Lindås/ Alver 1967
33.   Hallvard Hallstein Oppedal Gulen 1956
34.   Reidun Elin Støfring Jølster/Sunnfjord 1974
35.   Chase Alexander Jordal Sul/ Bergen 1992
36.   Ivar Kvalen Luster 1972
37.   Inga Rullestad Sul/ Etne 1994
38.   Eiliv Erdal Naustdal 1969
39.   Jon Larsgard Jondal/Ullensvang 1958
40.   Laila Haukeland Masfjorden 1972
41.   Geir Helge Østerbø Høyanger 1967
42.   Laila Melkevoll Bergen 1977
43.   Sander Solheim Florø/Kinn 1999
44.   Inge Arvid Fonnes Austrheim 1956
45.   Marianne Bøthun Vik 1969
46.   Ruben Skrede Jølster/Sunnfjord/Sul 1996
47.   Terje Strandtun Fjell/Nye Øygarden 1965
48.   Hege Eide Vik Vaksdal 1980
49.   Heidi Elizabeth Ørjansen Kvam 1975
50.   Ole Johnny Stubhaug Førde/Sunnfjord 1964
51.   Monica Tjønna Samnanger 1973
52.   Gabriel Skjulhaug Yttri Leikanger/Sul 1997
53.   Silje Vatna Stord 1983
54.   Håkon Fjellestad Gloppen/Sul 2000
55.   Ole -Johnny Odland Eidfjord 1984
56.   Lena Kristin Eliassen Naustdal/Sunnfjord 1980
57.   Jens Olav Holven Ulvik 1967
58.   Bengt Erlend Skjerdal Aurland 1984
59.   Harald Lekven Os/Bjørnefjorden 1957
60.   Kristin Teigland Gjerstad Kleppe Tysnes 1967
61.   Synnøve Rivedal Askvoll 1970
62.   Betty Lovise Hessevik Vågsøy 1960
63.   Frode Larsen Askøy 1969
64.   Kåre Johannes Aase Odda /Ullensvang 1958
65.   Karen Elisabet Rydland Sæbø Fitjar 1978
66.   Karen Marie Hjelmeseter Sogndal 1964
67.   Herleif Tveit Kvam 1964
68.   Sammy Olsen Bømlo 1952
69.   Jofrid Valen Sveio 1977
70.   Lars Petter Nesse Lærdal 1953
71.   Magnar Lussand Granvin/Voss Herad 1945

 

 

På dei plassane det er to kandidatar, er det den kandidaten som står utheva som har fått flest røyster frå nemnda.

Denne artikkelen ble først publisert 29.10.2018