Meny
2021 Kristin Rundsveen Bøtun, Sogn og Fjordane

Klimadebatt og heilskap

Klimadebatten har vore brennheit både internt i Senterpartiet og i media dette året. Vi er mange i Senterpartiet som ynskte klima- og miljødebatten i partiet velkommen og som vil at partiet vårt skal ha ein tydlegare, grønare profil. 

Klimadebatten blir diverre fort polarisert, og debatten ender opp med spissformuleringar og overskrifter som i alle fall ikkje speiler att kva miljø- og klimapolitikk Senterpartiet faktisk ynskjer å føre. For framtida vår avheng av at naturen sin produksjonsevne og at naturmangfaldet oppretthaldast. Senterpartiet har alltid vore opptekne av at jorda er ein arv som vi forpliktar å forvalta for etterkomarane våre. Senterpartiet meiner at vi må gå frå ein lineærøkonomi med bruk-og-kast, til en sirkulærøkonomi, der tanken er at ressursar i minst mogleg grad skal gå til spille. Difor er det òg viktig at klimapolitikken har brei oppslutning og legitimitet - heile befolkninga må ta del i omstillinga rett og slett, slik får vi størst effekt.

Vidare meiner Senterpartiet at vi må sameina klimatiltak, verdiskaping og rettferd. Dei naudsynte samfunnsendringane som må til for å kutta i klimautslepp og handtera klimaendringar må ha ei rettferdig sosial og geografisk byrdefordeling, slik vil òg tiltaka få betre forankring i befolkninga. Ikkje minst meiner vi at klimapolitikken må utformast slik at den òg tek hand om andre viktige samfunnsomsyn som natur og miljø, industriell utvikling, matproduksjon, beredskap, sosial utjamning og busetjing i heile landet.

Senterpartiet er einige i at miljø- og klimaproblema er ein av vår tids desidert største utfordring, og har dette som ei ramme rundt all politikk. Natur, miljø og klima må sjåast i samanheng med alle andre samfunnsmål, og vi lyt sikra ei forsvarleg og berekraftig forvalting av ressursane og miljøet.  Vekst er ikkje å forbruke meir, men å forvalte betre. Dette er eit viktig prinsipp, der miljø- og klimaomsyn i politikken må gjennomsyrast i alle vurderingar og avgjersler som blir teke, frå nasjonalt, til fylkeskommunalt til lokalt politisk nivå. Klimaendringane skapar nye utfordringar, og samfunnet må arbeide aktivt med klimatilpassing i åra som kjem. Det viktigaste arbeidet vil skje lokalt, og det er naudsynt at staten rustar kommunar og fylke med ressursar for å sikra at arbeidet kan gjennomførast på ein god måte.

Til dømes har Sogndal kommune i sin nyleg vedtekne samfunnsplan sagt at kommunen vår "skal vere ein miljømedviten kommune med klima og miljø som premiss for alt me gjer.» Dette betyr at kommunen kuttar klimagassutsleppa våre, driv systematisk klimatilpassingsarbeid og har minst mogleg avfall, mest mogleg gjenbruk og ein medveten arealbruk. Vi seier òg at vi skal ta initiativ til eit utsleppsfritt og teknologidrive kollektiv- og mobilitetstilbod i regionen vår. Så er det altså vi som lokalpolitikarar som har ansvaret for å følge dette opp vidare, i planverk og ikkje minst i vedtaka vi tek framover.

På same måte som våre kandidatar på tinget vil jobbe for at Senterpartiet sine mål sett preg på rikspolitikken. Senterpartiet har både ambisiøse og gode mål for norsk miljø- og klimapolitikk, og ynskjer på lik linje med dei fleste parti i landet vårt at Noreg skal ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimaproblema.

Kristin Rundsveen Bøtun

Stortingskandidat, Sogn og Fjordane Senterparti