Meny
2020 Vestlandsvær, Sogn og Fjordane

Marit Aakre Tennø og Erlend Herstad nye nestleiarar i Senterpartiet

Valnemnda i Senterpartiet i Sogn og Fjordane innstiller på Marit Aakre Tennø frå Luster og Erlend Herstad frå Sunfjord som nye nestleiarar i fylkespartiet etter at Karoline Bjerkeset og Morten Askvik ikkje ynskte attval.  Fylkesleiar Sigurd Reksnes står ikkje på val.

-Eg er glad vi har fått to gode nestleiarkandidatar seier Marius Strømmen som har vore leiar i valnemnda.  -Både Tennø og Herstad har lang politiske røynsle og vil gjere ein god jobb i fylkesstyret i Senterpartiet.  Valnemnda meiner å ha satt saman eit godt fylkesstyre og eg er trygg på at desse, saman med lokallaga, tillitsvalde og folkevalde på ulike nivå, vil bidra til å styrke Senterpartiet sin posisjon i Sogn og Fjordane endå meir i tida framover avsluttar Strømmen. 

Marit Aakre Tennø er i dag varaordførar i Luster og har tidlegare mellom anna vore leiar i Noregs Mållag.  Erlend Herstad er kommunestyremedlem i Sunnfjord, han har tidlegare røynsle frå Sogn og Fjordane fylkesting og han har vore leiar i Senterungdomen i Sogn og Fjordane.  

My Post (2).png

Valnemnda si innstilling er samrøystes.

Valnemnda si innstilling:

  • Fylkesleiar:  Sigurd Reksnes (Stad) – ikkje på val
  • 1. nestleiar:  Marit Aakre Tennø (Luster) – ny
  • 2. nestleiar:  Erlend Haugen Herstad (Sunnfjord) – ny
  • Studieleiar:  Erling Sande (Gloppen) – ikkje på val
  • Styremedlem:  Sidsel Kongsvik (Kinn) – ny
  • Styremedlem:  Gunn Åmdal Mongstad (Solund) – ikkje på val
  • Styremedlem:  Rune Hegrenes (Sunnfjord) – ny
  • Fylkesleiar i Senterkvinnene:  Britt Domben Mulelid (Bremanger) – ikkje på val
  • Fylkesleiar i Senterungdomen:  Sander Solheim (Fjaler) – ikkje på val
  • Gruppeleiar Vestland fylkesting:  Aleksander Øren Heen (Årdal) – ikkje på val
  • Stortingsrepresentant:  Liv Signe Navarsete (Lærdal) – ikkje på val
  • 1. vara:  Geir Helge Østerbø (Høyanger) – ny
  • 2. vara:  Nina Hjartholm (Senterungdomen/Sunnfjord) – ny
  • 3. vara:  Steffen Fjellestad (Senterungdomen/Gloppen) – ny
  • 4. vara:  Grete Haugen Vinnsrygg (Stryn) – ny