Meny

Minneord Jorunn Ringstad

Tidlegare stortingsrepresentant og ordførar i Askvoll kommune, Jorunn Ringstad, døydde  onsdag 12. september, 75 år gammal. Med henne har ein avhalden og respektert politikar gått bort.

Jorunn Ringstad var fødd i  Askvoll  3. september 1943,  og var dotter til Sunniva Ølmheim og Sverre Ringstad. Faren var politisk aktiv og Jorunn Ringstad arva det politiske engasjementet.  Før ho tok steget inn i politikken tok ho lærarutdanning og arbeidde  som adjunkt. Ho hadde også ingeniørutdanning frå NKI og seinare informatikk.  I 1987 vart ho vald inn i kommunestyret for Senterpartiet og vart den fyrste kvinnelege ordføraren i Askvoll, ei rolle ho hadde i 6 år.

Innsatsen hennar som ordførar  vart lagd merke til.  I 1989 vart ho andre vararepresentant frå Senterpartiet på Stortinget og i 1993 var tida som ordførar over og Stortinget vart hennar arbeidsplass dei kommande tolv åra. Også her merka ho seg ut. I 1997 – 2001 var ho ein del av presidentskapen i Stortinget som visepresident i Odelstinget. I  første valperioden var ho medlem av Justiskomiteen, dei neste valperiodane vart det i  Samferdslekomiteen ho la ned sin største innsats, i 2001 – 2005 som komiteen sin nestleiar. I alle åra ho var på Stortinget var ho medlem eller varamedlem  i Senterpartiet sitt gruppestyre.  I  1997 – 2000 var ho medlem av Senterpartiet sitt landsstyre.  Jorunn har også vore utsending til Europarådet og til FN.

Lista over offentlege verv er lang. Ho deltok i viktig utvalsarbeid både i kommune, fylke og på riksplan både før og etter ho vart vald ordførar. Mellom dei mange kan nemnast styret for Distriktsutbyggingsfondet, Utvalet for menneskerettar, leiar for Hafs (samarbeidsrådet for kommunane Hyllestad,  Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen), Utvalet for å utgreie Stortingets kontrollfunksjon, medlem av Riksrettsutvalet, Vegtilsynsutvalet og Riksvalstyret. Røynslene hennar og dei personlege eigenskapane  vart og verdsette  etter at  tida som stortingspolitikar var over. Ho fekk krevjande oppgåver mellom anna som  medlem, nestleiar og leiar for Helse Førde. Ho var og leiar  i kontrollutvalet i Askvoll kommune  og medlem av kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tillegg hadde ho eit sterkt engasjement for frivillig arbeid og fekk mellom anna Røde kors sin fortenestemedalje for årelang frivillig innsats.

Jorunn Ringstad var seg sjølv som politikar. Ho sette seg grundig inn i sakene ho var med på å handsame og hadde god evne til å formulere standpunkta sine. Ho vart oppfatta som solid, klårtenkt, sjølvstendig og uredd. I den grad det vart tale om politisk spel, så utviste ho stor varsemd, tok ingen snarvegar og var respektfull i sin omtale og omgang med politikarar frå både sitt eige  og andre parti.  Representantar frå alle parti visste at ho var å stole på, og at ho aldri misbrukte den tilliten som andre viste henne. Ho var medviten om at hennar innsats skulle vere til beste for samfunnet. Klår tale og tydelege standpunkt var i slike samanhengar hennar styrke.

Privat var ho lun, varm  og humoristisk. Ho var varsam med å framheve seg sjølv, men  gav gjerne råd når andre søkte henne.  Ho stod ikkje fram som den som visste best for å  overtyde andre om kva dei skulle seie og meine, men argumenterte sakleg utfrå sine solide kunnskapar. 

Jorunn hadde eit stort kontaktnett over heile landet som ho tok vare på.  Ho gløymde heller aldri kvar ho kom i frå og kvar ho hadde røtene sine.  Då Askvoll kyrkje skulle restaurerast, fann ho sin plass og gjorde ein stor  innsats ved utarbeidinga og gjennomføringa av planane.  Ikkje uventa  inneheldt dødsannonsa hennar ynske om ei minnegåve til  orgelet i kyrkja.

Jorunn Ringstad var einsleg, men i fylgje henne sjølv aldri einsam. Omsorga for slekta var stor, og ho hjelpte der det var trong for hjelp. Slekta var stor, og ho var ei avhalden syster og svigerinne og  ei omsorgsfull tante.

Etter Jorunn Ringstad  fekk kreftdiagnosen, heldt ho ei tid fram i tillitsverva sine, men i 2017 fann ho ut at det var tid for å avslutte det politiske arbeidet sitt.  Ho streid sin kamp mot sjukdomen men var samtidig takknemligover det gode helsestellet vi har i dette landet, der ho sjølv hadde gjort sin innsats. Trass i tilbakeslag var ho inntil dei siste månadene optimistisk i høve framtida. Så kom tilbakefallet,  hennar tid var likevel over, og ho  sovna inn med sine næraste rundt seg.

Vi er mange som vil sakne henne og takkar henne for det ho var som menneske og som den heilstøypte politikaren ho var. Når no hennar livslaup er over,  unner vi henne kvila og ynskjer fred hennar minne. 

 

Sigurd Reksnes - fylkesleiar

Liv Signe Navarsete - stortingsrepresentant

Jenny Følling - fylkesordførar

Håkon S Giil - stortingsrepresentant h.v 

Erling Sande - stortingsrepresentant h.v