Meny
Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen

Monica Mæland og politireforma!

«Denne optimismen ser vi etterkvart fleire stadar i landet. Det er svært gledeleg! Både politifolk og lokalsamfunn byrjar kjenne effekten av politireforma.» Slik omtalar justisminister Monica Mæland seg, på facebook, etter avisoppslag i Firda Tidend fredag 05.02.2021, der tenestestadleiaren har fortalt om optimismen som råder frå tenestestaden i Gloppen. Og ja, det er gledeleg. Både at politiet no i år kan samlokaliserast med brannstasjonen i Gloppen og at tenestestaden har fått fleire tilsette. Det som ikkje er like imponerande er at justisministeren gjer dette til eit oppslag for ei vellukka nærpolitireform.

Politikontoret i Gloppen har blitt eit godt politikontor med eit godt fagmiljø og brei kompetanse. Men i rettferdigheita si skuld, så har ein del av auken i stillingane ingenting med sjølve politikontoret i Gloppen å gjera. Nokre er stillingar i utrykkingspolitiet som tilfeldigvis er heimehøyrande her, nokre er instruktørar og etterforskarar i politiet, som arbeider frå kontoret i Gloppen. Dette fører igjen til at vi har fleire politi her enn vi kanskje skulle hatt. Eg delar optimismen både frå politiet og frå justisministeren om at dette er noko som kjem heile området til gode. I det minste er vi samde om at mengda politi og kvar dei er stasjonert betyr noko for beredskapen. Men dette har i vårt tilfelle ingenting med nærpolitireforma å gjera.

Det nye «blålysbygget» i kommunen blir eit beredskapsløft for kommunen. Men denne samlokaliseringa har heller ingenting med nærpolitireforma å gjere. Dette kjem på plass fordi kommunen aktivt tok initiativ til det, når ein likevel skulle bygge ny brannstasjon. Dialog og planlegging i samarbeid med politiet starta før ein i det heile snakka om noko reform. Dersom vi skulle dra ein parallell til reforma, så er den at om vi ikkje hadde vore i gong med dette, hadde det mest truleg aldri blitt noko av. Økonomien i Vest politidistrikt er ikkje slik at dette ville vere noko som hadde kjeme høgt på lista.

Det som har noko med reforma å gjere, er opplevingar innbyggarar har hatt ved å ta kontakt med politiet etter at reforma vart innført. I 2019 vart 300 meter av fylkesveg 615 stengd av vindfelt skog. Urolege innbyggarar ringde 112 fordi dei hadde sett bilar køyre inn i området rett før vegen vart stengd. Etter ei kort telefonsamtale vart desse oppmoda om å ringe brannvesenet i kommunen, politiet i andre enden ikkje visste kvar dette var og kunne difor heller ikkje hjelpe.

Eller slik som når eg sjølv tok kontakt med 02800 tidlegare i år. Eg fekk ein telefon fordi det var folk som gjekk på skøyter på fjorden, isen var i ferd med å bryte opp og ein kunne sjå sprekkar. Samtala enda med at denne hendinga ville ikkje politiet prioritere å rykke ut på. Forundringa mi var difor stor då eg ei veke etterpå såg på NRK at politiet i Bergen rykka ut saman med brannvesen og luftambulanse der tre personar var ute å gjekk på isen og det var observert opne sprekkar. Eg veit at var politi på vakt i Gloppen då eg ringde 02800, men hendinga her var ikkje viktig nok for sentralen i Bergen. Det var den tydelegvis ei veke etterpå.

Desse døma har noko med politireforma å gjere, men dette vil verken politileiinga eller justisministeren diskutere. Tilliten til politiet aukar i befolkningsrike områder og går ned i distrikta. Dei som har synkande tillit til politiet svartmalar ikkje situasjonen. Deira frustrasjon botnar i at måloppnåing i beredskapen ikkje blir målt opp i mot det mot det som ikkje fungerer og der beredskapen er svakast.

Justisministeren må gjerne halde fram med å lese lokalavisa vår. Eg vonar ministeren fekk med seg oppslaget i Firda Tidend fjor haust, der brannsjefen var uroa over auken i oppgåver det frivillige brannvesen har fått. Dei trenar på å handtere valdelege situasjonar fordi dei må rekne med at politiet fort vil vere to timar unna. Eg vonar ministeren også fekk med seg hendinga på Voss 5. februar der ei gravemaskin kutta ein kabel og om lag 700 tryggleiksalarmar og mobilnettet var nede i heile Nordfjord. Vi sette i gang med å finne alternative kommunikasjonsmåtar for innbyggarane våre. Vi tok kontakt med alarmsentralen i Bergen for å høyre om dei ville gjere det same og opprette ein kommunikasjonskanal der internett kunne nyttast av dei som hadde det i ein nødssituasjon fordi det gjaldt eit større område og vi måtte rekne med å vere utan dekning i eit døgn. Alarmsentralen sa nei.

Eg trur folk i heile landet er best tent med, å ikkje avfeie alle kritisk spørsmål om reforma som eit ynskje om å reversere, men heller ein invitasjon til å få gjort noko med det som ikkje fungerer i dag. Vi må sjå på korleis endringane i reforma slår ut på alle områder og sørge for at vi faktisk får eit nærpoliti som både er og opplevast, nært folk.

 

Leidulf Gloppestad

Ordførar i Gloppen (Sp)