Meny

Nettleiga må utjamnast!

Uttale frå fylkesstyret i Senterpartiet Sogn og Fjordane

Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev at regjeringa gjer tiltak som utjamnar nettleiga mellom forbrukarane. Energi er infrastruktur og til liks med telefon, veg og bane må kostnadene utliknast mellom forbrukarar i ulike deler av landet.  For ei hushaldning med staumforbruk på 20 000 kWh utgjer forskjellen mellom lågaste og høgaste nettleige kr 12 020,- inklusive avgifter i følgje NVE.

Me bur i eit område der miljøvenleg vasskraft kjem utover kvar einaste berghammar i heile fylket og denne krafta vil Noreg gjerne at me bygger ut til rein energi.  Det er urettvist at å  få straumen inn i husa på dei same berghamrane skal vere dyrast i landet.  Slik det noverande politiske regime er rundt desse systema er det merkeleg nok dei fastbuande i våre småsamfunn som må ta kostnaden for at denne krafta vert bygd ut. 

 

Den raudgrøne regjeringa jamna ut deler av nettleiga gjennom ein post på statsbudsjettet som i 2013 var på 120 millionar kroner. Etter fire år med Frp og Høgre i regjering er det i årets budsjett 10 millionar kroner på denne posten, det vil seie at den er nær nulla ut.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev at Stortinget vedtek  ei utjamningsordning for nettleige som gir tilnærma lik pris til alle abonnentar uavhengig av kvar ein bur. Det er ikkje haldbart at dei som bur i område, som produserer rein kraft samfunnet treng, må betale rekninga.

Uttale frå fylkesstyret i Senterpartiet Sogn og Fjordane 17. mars 2017.