Meny

Nødvendig kamp for nærpolitiet

I innlegget «Valkampen er i gang» går Arne Johannessen laus på politikarar og parti som kritiserer politireforma. Det er lett å forstå at det er oss i Senterpartiet han meiner. Vi har vore den tydelegaste motstandaren av den sentraliseringa av norsk politi som reforma inneber.

Johannesen kommenterer ikkje det vår kritikk handlar om, nemleg den sentraliseringa og byråkratiseringa som høgreregjeringa si politireform har medført. I staden viser Johannesen til dei positive resultata tilsette i Sogn og Fjordane oppnår og prøver å framstille det slik at vi svartmålar den innsatsen. Dette er ein kjent debatteknikk, men det er ikkje særleg konstruktivt.

Senterpartiet har over tid stemt for større løyvingar til politiet i Stortinget, for å få til barnehuset og andre viktige tiltak i Sogn og Fjordane og andre stader. Det er jo desse løyvingane Johannesen bør vere glad for og ikkje omorganiseringa – med mindre han kan vise at det nettopp er sentraliseringa i politiet som har ført fram til desse resultata. Vi kritiserer ikkje dei tilsette i politiet. Dyktige politifolk i Sogn og Fjordane gjer ein stor og viktig jobb ut frå dei rammene dei har – vi har aldri sagt noko anna.

I innlegget vårt, «Politiberedskap er meir enn ord», som vi antar at Johannessen reagerte på, viste vi til talet på tilsette i politiet og opningstida på lensmannskontora før og etter reforma. Johannessen gjer eit poeng av at han stiller opp med faktaopplysningar, som om vi ikkje gjer det. Men vi har våre objektive fakta frå SSB og politiet.no, og hovudpoenget vårt var at reforma ikkje gir meir nærpoliti og ikkje betre kvardagsberedskap. I følgje regjeringa si eiga politimelding  har det ikkje vorte ein einaste ekstra politipatrulje i dette landet etter politireforma, sjølv om meir politi på hjul var eitt av føremåla med å leggje ned over 120 lensmannskontor. 

Vest politidistrikt har ikkje nådd alle responstidskrava i noko år av reforma, men det betyr jo sjølvsagt ikkje at dei kjem seint (eller aldri) i kvart tilfelle. Innimellom kan politiet vera svært raskt på plass, men samstundes seier statistikken at politiet i Vest brukte lengre tid per 2020 enn før reforma i 2016, særleg på dei mindre stadene.

Senterpartiet er ikkje åleine om å peike på at det frå følgjer når ein legg ned lensmannskontor og sentraliserer politiet. Polititilsette sin eigen organisasjon PFO deler vår uro. Både i beredskapsarbeid og førebygging betyr lokalkunnskap noko. Ein sparar heller ikkje nødvendigvis pengar.

I møte med kommunane får vi no fleire innspel om at brann- og redningstenesta og andre naudetatar har fått auka oppdragsmengde fordi politiet er seinare til å koma, eller ikkje kjem i det heile. Dette blir og stadfesta av brannstatistikk.no.

Det blir dyrt for kommunane når dei må gjera jobben som politiet som statleg aktør skulle gjort. Eit døme er Salangen i Troms som har gått frå å betale 20 000 kroner i overtid til brann- og redningspersonell i 2016 - før dei mista lensmannskontoret sitt på grunn av politireforma. I 2019 måtte dei betale 400 000 kroner til slik overtid som det blir meir av når politiet er fjernare.

Når vi peikar på at reforma har ført til at politiet har blitt meir topptungt - med meir rapportering og byråkrati, kan gjerne Johannesen kalle det svartmaling, men det er Politihøgskulens eigne studiar av reforma som seier dette.

Det må vera lov til å peike på at dei forventningane som regjeringa skapte til nærpolitireforma faktisk ikkje har vorte innfridde. Og Johannessen burde vite at kritikken ikkje kjem berre frå Senterpartiet, men også frå Politiets Fellesforbund, Politijuristene, kommunar og politifolk rundt om, både leiarar og andre tilsette. Undersøkingar blant polititilsette stadfestar også at nærpolitireforma dessverre vart alt anna enn ei reform for eit nærare politi.

Erling Sande

Førstekandidat til Stortinget for Senterpartiet

Jenny Klinge

Justispolitisk talsperson, Senterpartiet