Meny

Noreg treng ein kraftfull og altomfattande distriktspolitikk

Vedtatt på Senterpartiet Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte 2017.

Landet står overfor ei omfattande sentralisering vi ikkje har vore vitne til! Dette vil flytte makt frå folket til byråkratiet.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil ha ein kraftfull distriktspolitikk som utjamnar geografiske ulikskapar og stør opp om utvikling av kunnskap, kultur, næringsliv og gode lokalsamfunn over heile landet. Nærleik til makt og tenester er avgjerande for positiv utvikling. Senterpartiet vil ta distriktspolitikken attende i sektorpolitikken. Samferdsle, utdanning, justis, helse, landbruk og fiskeri er døme på sektorar der distriktspolitikken er ein vesentleg dimensjon for korleis landet skal utvikla seg.

 

Den store distriktspolitikken må attreisast.

Dagens regjering har rive ned tenester over heile landet og sentralisert både makt, tenester og arbeidsplassar. Senterpartiet vil bygge gode strukturar som sikrar tenester der folk bur og der verdiane vert skapt.

 

Historisk er det gjennom sektorpolitikken me har bygd landet og sikra den regionale utviklinga. Viktige område var vidaregåande skular, distriktshøgskular og universitet, sjukehus, kulturinstitusjonar, kortbaneflyplassar og eit finmaska nett av kommunar som fekk nye oppgåver. Senterpartiet vil ikkje sjå på at desse områda vert rasert og makta over dei flytta ut av fylket.

 

Beredskapen må ha kort responstid og drive førebygging lokalt.

126 lensmannskontor er føreslått lagt ned på kostnad av responstid, førebygging og lokalkunnskap. Samstundes er andre beredskapsetatar enten sentralisert vekk eller truga av sentralisering. Ambulanse, ambulansebåtar, heimevernet, legekontor og brannvesen er alle tenester som folk er avhengig av og som gjev tryggleik om noko skulle hende. Senterpartiet vil at slike tenester framleis skal vera nær folk.

 

Kommune og fylkesgrensene må endre seg etter lokal vilje, ikkje sentralmakt.

Eit lite utval kommunar er plukka ut av regjeringa til å slåast saman med nabokommunane med tvang. Vilkåra for tvangssamanslåingane står fram som vilkårlege og strir mot friviljugheitslinja som var premissen for kommunereforma.

 

Senterpartiet vil sikre at kommunar som blir slått saman med tvang kan få samanslåingsvedtaka oppheva av Stortinget.

 

Fylkesgrensene til Sogn og Fjordane har hegna om både statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i fylket vårt, og sikra at makta over viktige tenester har vore nær folket. Sogn og Fjordane leverer gode tenester og har ikkje problem med å skaffe kompetanse til ledige stillingar. Dei konkrete argumenta for å slå Sogn og Fjordane saman med Hordaland er fråverande.

 

Senterpartiet meiner ei samanslåing vil flytte makt og mynde vekk frå innbyggjarane i Sogn og Fjordane, og svekke lokaldemokratiet ved at avstanden mellom politikarar og innbyggjarar vert for stor.

 

Lokal kunnskapsproduksjon, utdanning og næringsutvikling.

Desentralisert høgare utdanning har vore, og er heilt avgjerande for å forsyne landet med høgt utdanna arbeidskraft. God næringsutvikling er avhengig av kapital og gode, lokale kompetansemiljø.

 

Senterpartiet vil at:

  • det desentraliserte tilbodet av høgare utdanning i Noreg skal styrkast.
  • fusjonsbølga i høgare utdanning ikkje fører til sentralisering av kompetansemiljø og utdanningar.
  • studiestadane Sogndal og Førde må utviklast vidare med nye masterutdanningar.
  • velferdstilbodet til studentane i fylket må verte styrka, og ikkje svekka av fusjonen.
  • gjeninnføre INU-ordninga og slik få att midlane som er ein kompensasjon til kommunar som er råka av auka arbeidsgjevaravgift. Slik sikrar me fleire større regionale utviklingprosjekt. Styringa av Innovasjon Noreg må førast attende til fylka.

 

 

Til

Regjeringa v/statsminister Erna Solberg

 

Vedteke på Senterpartiet i Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte i mars 2017.