Meny

Politiberedskap er meir enn ord

Justisminister Monica Mæland skriv i eit innlegg i Sogn Avis om politiberedskap på Vestlandet. Tittelen er «God politiberedskap i Vest». Det meste av sjølvskrytet frå statsråden handlar ironisk nok om Austlandet.

Mæland ser ut til å tru at det å byggje opp tenester sentralt automatisk vil koma distrikta til gode. Vi i Senterpartiet veit at det ikkje er slik verda er.

 

I Sogn og Fjordane og Hordaland har regjeringa langt ned heile 18 lensmannkontor. Dette har ikkje gitt betre politiberedskap i det som no heiter Vest politidistrikt. Når politifolk blir fjerna frå bygd eller by blir beredskap, tryggleik, tillit og lokalkjennskap dårlegare.

 

Vart det så spart pengar på å leggje ned lensmannskontora? Nei. For dei 18 lensmannskontora som vart lagt ned i 2017, var husleiga årleg på om lag 2 millionar kroner totalt. Problemet er berre at dei som tidligare arbeidde på lensmannkontora måtte ha nye kontor på stader som har ei langt dyrare husleige, som til dømes i Bergen.

 

Argumenta for å leggje ned alle desse lensmannskontora var at dei hadde lite bemanning og var opne berre nokon timar i veka. Ved å legge ned ei rekke kontor ville ein kunne styrke tilbodet ved dei kontora som stod att vart det hevda. Men kva har blitt resultatet? Av dei som står att i Vest politidistrikt hadde 12 lensmannskontor og politistasjonar anten same eller faktisk også mindre bemanning enn før reforma per 2019. Under halvparten er opne kvar dag og nær halvparten har ope berre 1-3 dagar i veka.

 

Mæland skryt av at det har vorte fleire politifolk i Vest. Regjeringa hevdar at dei har nådd målet om to politifolk per 1000 innbyggjar. Problemet er at dei reknar med politifolka som til dømes jobbar i særorgan som PST, Økokrim, Politihøgskulen og i Politidirektoratet. Men det har blitt fleire ledd, meir rapportering og fleire leiarar – eit meir topptungt politi. Men det er ikkje politidirektørar og politibyråkratar som sikrar beredskap gjennom å rykke ut på akuttoppdrag på Vestlandet.

 

Senterpartiet meiner to politifolk per tusen innbyggjar bør vera eit minimum for kvart politidistrikt. Berre Oslo og Finnmark er over denne grensa i dag. Difor føreslo Senterpartiet i vårt alternativt statsbudsjett å auke talet på politistudentar og tilsette langt fleire politifolk enn regjeringa.

 

I Vest politidistrikt har talet på politifolk gått ned. Ved utgangen av 2019 var det 905 politiårsverk, medan Mæland sine eigne tal no viser at det er 890. Og fleire politipatruljar har det ikkje vorte heller.

 

Regjeringa har i følgje SSB sentralisert om lag 1130 polititilsette frå om lag 200 kommunar gjennom «nærpolitireforma». I Bergen auka talet på tilsette i politiet med 119 i perioden 2016-2019, medan ei rekkje stader som Aurland, Austevoll, Bremanger, Florø, Hardanger, Stryn, Selje, Hyllestad, Jølster, Gaular, Askvoll, Balestrand, Luster, Gulen, Tysnes, Vik og Øygarden fekk færre - eller mista alle polititilsette. Det fører ikkje til betre beredskap verken for fastbuande, hyttefolk eller besøkjande.

 

Talet på operative- og førebyggjande politifolk både i Bergen og resten av politidistriktet må styrkast. Vi i Senterpartiet vil gi politidistrikta meir ansvar, kutte i sentral målstyring og gi politimeistrane høve til å styre meir av eige budsjett innanfor eigen teig. Etterslepet på investeringar til mellom anna politibilar og våpen er på fleire titals millionar kroner i Vest politidistrikt. Slik kan vi ikkje ha det.

 

Vi forstår at det ikkje finst raske løysingar for å betre beredskapen i eit langstrakt land som Noreg. Men vi veit at den såkalla nærpolitireforma ikkje var eigna for å skape meir nærpoliti og heller ikkje betre beredskap. Derfor vil vi arbeide målretta for at også viktige polititenester skal finnast nærare folk i heile landet framover enn det regjeringa har sørga for. Då trengst det eit regjeringsskifte.

 

Erling Sande

Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Senterparti

 

Jenny Klinge

Justispolitisk talsperson, Senterpartiet