Sats på produksjonsskular
I eit innslag på Vestlandsrevyen 19. august møter me ungdomar ved Hardanger produksjonsskule i Ulvik. Ungdomane er forskjellige, men har til felles at dei har droppa ut av vidaregåande og er på produksjonsskulen for å kome tilbake i framtidsbyggande aktivitet som vidaregåande skule eller arbeid.
Produksjonsskule er nettopp eit tilbakeføringstiltak for ungdomar som ikkje klarer å gjennomføre den vidaregåande opplæringa. Ideen bak tilbodet er å gi ungdomane eit praktisk læringsgrunnlag for å gi dei lyst, moglegheit og kompetanse til å gjennomføre vidaregåande opplæring eller klare seg på arbeidsmarknaden. Opplæringa her er ikkje knytt til tradisjonelle undervisningsformer, men heller på relasjonsretta dannings- og læringsarbeid i verkstadsamanheng.
I Noreg er produksjonsskule eit nytt tiltak etter inspirasjon frå den den danske modellen produksjonsskule. I Danmark er ordninga lovfesta, og det finst over 80 produksjonsskular der. Hordaland fylkeskommune har som einaste fylkeskommune i Noreg starta produksjonsskular. Hyssingen produksjonsskole i Bergen vart opna i 2015. Til ei kvar tid er det knytt mellom 30 og 40 ungdomar til Hyssingen, og det er kontinuerleg opptak etter kvart som det vert ledige plassar. Hausten 2018 opna Hardanger produksjonsskule i Ulvik opp som ei avdeling under Hyssingen. Produksjonsskulen i Ulvik har internat slik at ungdomane bur på produksjonsskulen mens dei er der.
Erfaringane med Hyssingen produksjonsskole i Bergen er veldig gode. Av dei ungdomane som har gått på produksjonsskulen er 85 % i framtidsbyggande aktivitet. Dette er særs gode tal og viser kor viktig produksjonsskulane er. Det er viktig at ordninga vert betre kjent slik at fleire elevar får nytte seg av dette tilbodet. Senterpartiet ynskjer å satse meir på og vidareutvikle produksjonsskulane, og jobbe for at sentrale styresmakter aukar satsinga si på produksjonsskular. Ei satsing på produksjonsskular er ei satsing på elevane. Slik byggjer me framtida, og slik byggjer me Vestland fylke.
Hilde Horpen, 5. kandidat Vestland Senterparti
Alexander Fosse Andersen, 6. kandidat Vestland Senterparti