Meny

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil flytte iskanten sørover

I vår skal Stortinget ta stilling til kor langt nord vi skal setje grensa for norsk oljeleiting.  Forslaget om å flytte iskanten lenger nord i Barentshavet har skapt reaksjonar frå både fiskarar og miljøvernarar.  Senterpartiet i Sogn og Fjordane er difor tydelege på at iskanten bør flyttast sørover! 

I området knytt til iskanten, der varmt og kaldt vatn møtast, finn vi eit unikt biologisk mangfald.  Her føregår produksjon av algar og dyreplankton, som gjennom næringskjeda vert mat til mange av våre viktigaste fiskeartar.  Oljeboring i eit økologisk viktig, men sårbart område, vil kunne gå dramatisk utover dei biologiske prosessane som føregår i dette området.  Konsekvensane av dette kan vere svært skadelege for naturen og norsk fiskerinæring.  Det er ein sjanse vi ikkje kan ta.

 

Noreg har allereie funne meir olje enn det vi kan utvinne om vi skal klare å nå klimamåla.  Vi står no ovanfor eit grønt skifte, kor vi skal skape fleire nye og grøne arbeidsplassar.  Då kan vi ikkje setje områder som er viktige for norsk fiskeri i spel for å utvinne meir olje.  Fiskenæringa er viktig for Noreg i dag, og den vil også vere det i framtida.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner:

  • At iskanten må flyttast sørover i tråd med miljøfaglege råd
  • Det skal ikkje opnast for oljeboring i områda i nærleiken av iskanten