Meny

Sigurd Reksnes sitt innlegg i fylkestinget 12.6.17

Her kan du lese gruppeleiar for Sp, Sigurd Reksnes, sitt innlegg i fylkestinget 12.6.17.

Fylkesordførar, landbruket er ei svært viktig næring i Sogn og Fjordane, den direkte og indirekte sysselsettinga representerer fleire tusen arbeidsplassar, næringsmiddelindustrien er den største industrigreina i fylket.

Ein samrøystes næringskomite på Stortinget så følgjande når dei handsama jordbruksmeldinga:

«For å sikre rekruttering, og for å løfte inntektsmulighetene i næringen, mener komiteen at inntektsmålet skal være å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. God markedstilpasning og produktivitetsutvikling vil være en forutsetning for inntektsdannelsen.»

Regjeringa tilbaud jordbruket  ei ramme på 410 mill. Det gir landbruket  inntektsmoglegheiter på ca. 9 000,-, mens andre grupper har eit anslag på 16700 kroner.

Landbruksorganisasjonane braut forhandlingane med regjeringa.

Etter det som har foregått på stortinget dei siste dagane så meiner eg at også Venstre sviktar landbruket.

 Venstre har i stortinget gjett frå seg makta og moglegheit til å sikre landbruket ei utvikling slik som stortinget har bestemt i landbruksmeldinga.

I Staden har Venstre gjeve statsråd Dale frå framstegspartiet ei blankofullmakt til å drive Frp politikk i staden for å gjennomføre målsettinga til stortinget om å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.

 Dette er eit uverdig spel og uansvarleg av Venstre, eg håpar at landbruksorganisasjonane ikkje godtek dette og vert med på spelet til regjeringa og venstre.

SFE

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag svært store verdiar knytt til energiproduksjon.  Dei fleste av desse verdiane er samla i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE).  For Senterpartiet er det viktig å sikre at desse verdiane vert verande i fylket og at dei vert innbyggjarane til del.

SFE er ein stor aktør i energisektoren med stor produksjon av kraft i vårt fylke.  Ein ferdig nedbetalt kraftstasjon kan best samanliknast med ei kopimaskin som står og trykkjer opp pengar.  Alt tyder på at dette vil vere gjeldande også i framtida.

Sidan 2001 har SFE betalt ut 1200 millionar eller 1,2 milliardar kroner i utbytte til eigarane sine.  Dette i følgje årsrapportane til selskapet.  Grunnen til at eg reiknar frå 2001 er at då vedtok eit fleirtal i fylkestinget vedtok å selje delar av SFE til Bergenhalvøens Kommunale Kraftlag (BKK).  Senterpartiet røysta i 2001 mot å selje ut delar av SFE.  Sidan 2001 har kring 460 millionar kroner av aksjeutbytte frå SFE vorte betalt ut til BKK.

 SFE er ei av dei viktigaste verksemdene i fylket.  I tillegg til kraftproduksjon har SFE ansvaret for ein stor del av straumnettet – noko som er ein samfunnskritisk infrastruktur.  SFE står for ei stor verdiskaping i fylket og selskapet har mange tilsette rundt om i fylket, mellom anna ved hovudkontoret på Sandane og i nettselskapet i Florø. SFE har og satsa tungt på det som vert omtala som den nye kraftkrevjande industrien gjennom eigarskapen i Lefdal Mine Datasenter.

Senterpartiet skal stå på framover for å kjempe for at vi skal behalde kraftressursane våre på folket i fylket sine hender.  Den enklaste måten å gjere dette på er at Sogn og Fjordane held fram som eige fylke

 

Større regionar vil sette ytterlegare fart i sentraliseringa, det er eit dårleg opplegg for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Ingen har så langt greidd å gje konkrete svar om kva som er fordelane for innbyggarane i Sogn og Fjordane om vi går inn i ein stor region eller kvifor dette skal gjerast.

Førebels er vinstane at vi får behalde offentlege arbeidsplassar som vi har  i dag.

 Vi skal verte fleire, men vi vert ikkje fleire i Sogn og i Fjordane fordi om vi flyttar grenseskiltet for fylket.

Vi skal få færre folkevalde inn i den nye regionen enn i dag. I I staden for eigen fylkesordførar som snakkar vår sak i departement og direktorat, skal vi dele fylkesordførar med 500 000 andre sør for oss.

Samanslåing av Sogn og Fjordane med Hordaland handlar om meir enn fylkeskommunen sjølv.

Vi ser no at fleire fylkesdekkande organisasjonar  seier at dei vil slå seg saman om regionen vert noko av.

NHO si leiing er flytta til Bergen, Sogn Fjordane idrettskrins, bondelaget og ei rekkje andre organisasjonar vil vurdere samanslåing om det vert ny region. Det er eit døme på at regionreforma har sett i gang sentraliseringsprosessar langt utanfor fylkeskommunen sin organisasjon

Det betyr noko at fylkestingsrepresentantane har lokalkunnskap og kjenner fylket dei er sett til å styre.

Det betyr noko for elevar i den vidaregåande skulen og kommunane rundt at både administrasjon og folkevalde kjenner til geografien som gjer det naudsynt å ha ein skule her.

Det betyr noko for elevane som har rett på skuleskyss i grunnskulen, at dei folkevalde kjenner geografien og ser utfordringane med å ha førsteklassingar på buss i ein time ein veg.

Og det betyr noko at vi har fylkesdekkande lag og organisasjonar som talar innbyggarane i Sogn og Fjordane si sak

Ingen kan heller fortelje oss kva oppgåver som fylka løyser i dag som dei ikkje vil greie å løyse i framtida.

Dette er å sentralisere utan å tilføre fylka noko nytt. Ei slik utvikling er vi i Senterpartiet i mot.

Det fremste argumentet som vert brukt for samanslåing er at ein ny stor vestlandsregion vil ha slagkraft.

Vi meiner at slagkrafta skapar vi sjølve med våre eigne folk som står opp for fylket vårt og som trur på oss som bur her, saman med eit stortingsfleirtal som er opptekne av det som skjer utanfor dei store sentra. Det er slik vi får midlar til å sprenge tunnelar i fjellet, gode flytilbod, breiare vegar som får ut fisken vår og breiband med kapasitet slik at driftige folk kan skape ny næringsverksemd. Senterpartiet godtek ikkje premissen om at fylket vårt ikkje er liv laga.  Vi har synt det gong etter gong at vi greier å få til å ting her sjølv med store avstandar, fordi vi har vilje til det.

Vårt mål er at Stortinget opphevar vedtaket om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland etter  valet til hausten. Eg tykkjer det er bra at arbeidet med regionreforma no vert stilt i bero . Og eg er glad for at representantskapen til Sogn og fjordane Ap har snudd. Vi skal gjere alt vi kan for at eit nytt storting til hausten opphever vedtaket om samanslåing av hordaland og Sogn og Fjordane. Det vert ei hovudsak for oss fram til stortingsvalet til hausten.