Meny

Skogen - den viktigste bidragsytaren til karbonfangst

Fylkestingsrepresentant for Senterpartiet Erlend Haugen Herstad, tala i dag til fylkestinget om viktigheita av skogen vår i eit klimaperspektiv. 

-Skogen er den viktigste bidrags-ytaren til karbonfangst , sa Herstad, og tok sjansen på å påstå at Sogn og Fjordane langt på veg er klimanøytrale, nettopp på grunn av skogen vår.

Men Herstad ville ikkje berre at vi skal sjå oss sjølve.

-Vi må ta eit globalt ansvar for å få ned karbon-nivået i atmosfæren. Det kan vi gjere med å påskoge ytterlegare areal i fylket.

Han viste til  Rogaland, som har eit klimaskogprosjekt i kommunane Bjerkreim, Eigersund, Hjelmeland, Lund, Tysvær og Vindafjord. Dei har vist at ein kan påskoge 380000 dekar, det viser at det sannsynlegvis og er eit potensiale for ytterlegare skogplanting fleire stader på Vestlandet.

– Skogen vil framover vere ein nøkkel til å omstille Noreg frå ein fossiløkonomi, til ein grøn økonomi.

 

Han oppfordra til å jobbe for planting og påskoging av ledig areal, og heie fram skognæringa og støtte den.

- Lat oss framsnakke dei gode produktive skogartane vi finn i Sitkagrana, den Norske Grana og andre gode produktive skogartar, avslutta Erlend Herstad.

 

 

For meir info, kontakt Erlend Haugen Herstad på tlf: 916 44 740