Nok dobbelt- kommunikasjon
Det må bli slutt på at Venstre og Alfred Bjørlo får fritt spelerom til å drive med dobbeltkommunikasjon i media.
Bjørlo og Venstre prøvar å ta æra for alt som går bra – samtidig som sentraliseringa til Bjørlo si eiga regjering held fram som aldri før.
No sist ved at utlendingssakene til politiet vert flytta frå Nordfjordeid til Førde og trafikkstasjonen sommarstenger. Jordskifteretten på Nordfjordeid er ikkje lenger ei eiga eining, alt dette er velsigna og applaudert av Venstre i regjering. No vil Venstre og Bjørlo kjempe for 4 nye år med Erna – det treng ikkje Sogn og Fjordane.
Bjørlo har gjort det til eit paradegrein å reise til Oslo for å protestere mot den endelause straumen av sentraliserande framlegg frå Venstre i regjering, for deretter å invitere til kakefest for å feire «sigrane». Men før siste kakebiten er fortært, og medan kaffien framleis er varm, kjem det nye framlegg frå Bjørlo si regjering. Slik som sommarstenging av trafikkstasjonen på Nordfjordeid no i sommar.
Det er sjølvsagt ein ordførar si plikt å kjempe for tenestene i eiga kommune, men no vil Bjørlo på tinget for å kjempe vidare for den same sentraliserande politikken han som ordførar har protestert i mot. Det er vel kanskje derfor valkampen til Bjørlo ikkje har handla så mykje om rikspolitiske saker. Kanskje Bjørlo veit at meir av Høgre, Frp, Venstre og Krf sin sentraliserings politikk er dårleg nytt for Nordfjord?
Venstre gjekk imot både Stad skipstunnel og ny Strynefjellstunnel – det var FrP som minna regjeringa på at dei ville ha fleirtal saman med Senterpartiet og dei andre opposisjonspartia for desse prosjekta og det tvinga regjeringa i forhandlingar til å gå inn for dei.
Det kan vere freistande slik som styret i Stad Venstre skriv, å få valet til å handle om person og ikkje sak. Men det er no ein gang slik at det er dei politiske partia sin program som er styrande. Eg kan ikkje snakke for andre enn Senterpartiet. Der Venstre i regjering har prioritert sentralisering, auka avgifter for vanlege folk, og skattelette til dei som har aller mest, vil Senterpartiet ha tenester nær folk, verne om folkestyret, og ha norsk eigarskap til naturressursane. Vi vil ha ei samfunnsutvikling som ikkje skapar større sosiale og geografiske skilnader mellom folk .
Senterpartiet sin politikk passar godt til Nordfjord, som er veldig rikt på ressursar, og treng politisk vilje for å ta i bruk moglegheitene til verdiskaping.
Desverre så har vi hatt ei høgredominert regjering i åtte år, som har gjort alt dei har kunna for å sentralisere vekk viktige tenester og arbeidsplassar. Kven likar til dømes å måtte køyre fleire timar i bil og kaste vekk ein heil arbeidsdag for å få utført ærend på offentlege kontor?. Det er vanlege folk som må betale kostnaden for regjeringa si sentralisering. Dette kan ikkje halde fram, og derfor treng landet ei ny Senterparti regjering, som vil legge til rette for tenester nær folk og arbeidsplassar i heile landet.
Sigurd Reksnes
Fylkesleiar og stortingskandidat