Meny

Solheimsdalen er vårt lyspunkt

– Kvifor er det så viktig å behalde grendene? Fordi grender er med å halde oppe folketalet i ein kommune, og kan bidra til folkevekst om den blir satsa på, skriv Erlend Haugen Herstad.

Grendaskulen og barnehagen i Solheimsdalen er ein attraktiv bustadfaktor i eit Sunnfjord som slit med å få den folkeveksten vi treng.

Grender som ligg innan pendlaravstand frå ein god arbeidsmarknad, som Solheimsdalen gjer for Førde, gjev oss bustadsattraktivitet som over tid vil hjelpe oss å behalde og auke folketalet.

Grendeskular kan vere veldig sensitive for elev-nedgang, sjølv om det berre er ein kort periode med færre elevar enn normalen, kan det presse drifta så mykje at ein fort blir nedleggingstruga. Det er likevel min påstand at samfunnet har mykje å tene på at vi framleis legg til rette for at det finst attraktive grender som er tilpassa bu- og oppvekstområde.

Det er ei kjennsgjerning at om folk skal ville fortsette å bu og fortsette å etablere seg i utkantar av eit senter, treng ein desentraliserte attraktivitetar. Skule og barnehage er noko av dei fremste attraktiviteten ei utkantgrend kan ha.

Kvifor er det så viktig å behalde grendene? Fordi grender er med å halde oppe folketalet i ein kommune, og kan av og til bidra til folkevekst om den blir satsa på. Dessverre lever vi i ei tid der filosofien er at alt som ikkje er stort nok og optimalt nok i seg sjølv, skal sentraliserast og samlast i større einingar.

Sentrumsnære grender appellerer til dei menneska som ønskjer eit alternativ til tette byklynger. Eg håpar vi kan bygge ein Sunnfjord kommune som har plass til både gode grender, gode tettstader og ein by og ein kommune som haustar fordelane med å ha eit attraktivt omland.

Erlend Haugen Herstad, Senterpartiet.