Meny

Svar til Gunnhild Berge Stang.

Venstre feirar nye oppgåver og reduksjon i talet på fylke med store ord. Gruppeleiar for Venstre på fylkestinget Gunnhild Berge Stang tykkjer det er «uforståeleg at enkelte parti motset seg denne sjansen til meir lokalt ansvar».

Til NRK sa Kommunenes Sentralforbund (KS) no nyleg at det vert godt under hundre nye tilsette i alle fylka til saman, og nye overføringar på rundt 200 millionar kroner som følgje av det som Høgre, FrP, Venstre, og Krf har lagt fram.

Til saman har dei 18 noverande fylka utgifter på rundt 75 milliardar kroner i året. Tala til KS viser at fylka får nye oppgåver som gjev ei budsjettauke på berre 0,25 prosent. Eg meiner framlegget til oppgåver frå H/FrP/V og Krf syner lite tiltru til fylka, dei tilsette og folkevalde i våre fylker. Det fram står endå meir merkeleg når oppgåvene som no er lagt fram tilsynelatande krev regionar som Vestland, Finnmark og Troms, og Viken med enorme geografiske avstandar, men der Møre og Romsdal skal greie dette på eiga hand. Vi har enno til gode å få høyre ei god og sakleg forklaring på logikken i dette.

Gunnhild Berge Stang inviterer no til samarbeid: « Då gjenstår eit viktig arbeid i Stortinget. Alle parti bør støtte opp om ei overføring som resulterer i at fleire avgjerder blir tatt lokalt» skriv ho.

I pressemeldinga frå Høgre, Frp, Krf og Venstre som vart sendt ut i samband med den store semja, så står det derimot svart på kvitt at alle dei fire partia må vere samde dersom noko skal forandrast i Stortinget. Ikkje akkurat nokon samarbeidsinvitasjon tenkjer no eg. Då vert det berre rart når Berge Stang no inviterer til samarbeid, etter at hennar eige parti låste døra til forhandlingsrommet, og kasta nøkkelen.

Dersom alt som er foreslått av Hagen utvalet vert følgt opp, vil fylka få 4760 nye stillingar og oppgåver for 15 milliardar kroner, eller 75 gangar meir enn det som er varsla foreløpig. I semja mellom dei fire partia, er det oppgåver som skal vurderast og greiast ut, og det er ikkje eit einaste direktorat som vert lagt ned. Det som er handfast av oppgåver er i realiteten  i stor grad ei flytting av arbeidsplassar mellom Statens Vegvesen, Statens hus og fylkeshuset på Leikanger og ei flytting av arbeidsplassar til Bergen. Det vert få eller ingen nye arbeidsplassar til Sogn og Fjordane utanfrå.

Senterpartiet meiner at det er ingen grunn til at fylka slik dei er i dag ikkje kan få nye oppgåver, det har vi synt til gjennom forslag i Stortinget.  Vi støttar ikkje samanslåing av fylka når det berre er tufta på lause lovnader om oppgåver som kanskje kjem.

Maktsentraliseringa som Berge Stang åtvarar mot, har hennar eige parti så langt vore ein av dei  største bidragsytarane til.

 

Sigurd Reksnes

Fylkesleiar for Sogn og Fjordane Senterparti