Meny

Tiltak i samband med koronaviruset/Covid-19.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane og Hordaland Senterparti avlyser og utset alle aktivitetar på ubestemt tid, og i alle fall fram til 1. mai 2020.  Dette på grunn av den pågåande situasjonen med smittespreiing av koronaviruset.  Vi oppmodar sterkt at lokallaga gjer liknande tiltakt – sjå nedanfor.

Dette inneber mellom anna at det ikkje vert gjennomført regionale konferansar 1. halvår 2020.  Vi vil før påske ta stilling til om samlinga for lokallagsleiarar, gruppeleiarar og studieleiarar på Skei i Jølster laurdag 9. mai vert arrangert som planlagt eller om den eventuelt må utsettast. 

 

Tiltaka vi no innfører gjer også at reiseaktivitet i regi av Senterpartiet vert redusert so nær null som mogeleg.  Fylkeskontoret på Sandane vert inn til vidare betjent på vanleg måte innafor normalarbeidstid.  Evt. bruk av heimekontor vert vurdert fortløpande. 

 

Vi ser at koronaviruset sprer seg raskt og situasjonen endrar seg frå dag til dag, frå time til time.  Vi har ikkje lenger oversikt over kvar og av kven ein evt. er blitt smitta av.  Senterpartiet vil sjølvsagt rette seg etter tiltak og råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Regjeringa, og vi vil legge oss på ei restriktiv førevar-linje.  Dette gjeld alle delar av organisasjonen.  Strenge tiltak tidleg er heilt naudsynt for å redusera smittepresset og følgjene dette kan få for samfunnet.  Det er viktig for Senterpartiet å vere ein del av denne nasjonale dugnaden.

 

Mange lokallag har planlagt møte og samlingar i tida framover.  Vi veit ikkje kor smitten er og fleire av dei som vil delta på slike møte kan vera i risikosona.  Vi oppmodar derfor om at alle slike møte, samlingar og opne arrangement blir avlyst/utsett inntil vidare.  Unntak er dersom det skal fattast heilt naudsynte vedtak, eller det av andre grunnar er strengt naudsynt å gjennomføre møte.  Vi oppmodar dykk då til å halda møte over telefon, Skype eller andre digitale løysingar.

 

I tillegg er det svært viktig at vi alle tek ansvar gjennom personleg hygiene:

  • hyppig håndvask
  • bruk eingongspapirlommetørkle
  • bruk antibac når du ikkje får vaska deg
  • unngå handhelsing

Vidare er det viktig å følgja alle råd som kjem frå helsestyresmaktene:

Arbeidsutvalet i Senterpartiet i Sogn og Fjordane skal ha skype-/telefonmøte fredag morgon (13.03) for å m.a. drøfte denne situasjonen.