Meny

Tydeleg nei til sentralisering av Jordskifteretten

I dag vart det klart at Senterpartiet får fleirtal saman med dei andre opposisjonspartia på Stortinget for vårt krav om å stanse regjeringa sitt forslag til massiv sammenslåing av tingrettane og jordskifterettane. 

«Vi ber regjeringen om ikke å gjennomføre de planlagte strukturendringene mot stortingsflertallets vilje», skriv dei fire partia i ei felles erklæring.

 

Ut fra regjeringens høyringsforslag er temaet om jordskifterettane noko vagt, men det er grunn til å tro at regjeringa ville følgt domstolkommisjonen sitt framlegg om struktur også her. Dette vil i så fall medført storstilt sentralisering av jordskifterettene og at jordskifterettane i Nordfjord og Sogn hadde blitt sentralisert. Noko som igjen ville ført til færre kompetansearbeidsplasser i Nordfjord og Sogn,  og lenger reiseveg for innbyggarane. Jordskifterettane held på med fast eigedom, og er avhengige av å ligge i nærleiken av der eigedomane ligg. Det vert jobba mykje ute i felt. Eigedom finst over heile landet, og strukturen bør være desentralisert, meiner leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes.

 

Reksnes var innom jordskifteretten på Nordfjordeid i dag, der dei feira nyheita med kake.

-Eg er veldig glad for at framlegga om sentralisering av jordskifterettane no ser ut til å bli stansa. Samstundes er det viktig at det vert  sendt inn gode høyringssvar fra kommuname og fylka framover. Domstolskommisjonen sin andre delrapport kjem til hausten og ein må fortsette å peike på kor viktig det er med gode og tilgjengelege domstolar i heile landet, avsluttar Sigurd.