Meny

Ulven må skytast

Ulven som har herja i saueflokkane i fylket sidan i fjor sommar må skytast. Det seier leiar i Sogn og Fjordane Senterparti Sigurd Reksnes.

Det er heilt uforståeleg at Miljødirektoratet no stadfestar fylkesmannen sitt vedtak om å ikkje skadefellingsløyve. I Sogn og Fjordane skal det ikkje vere ulv i det heile teke. Då vert det heilt feil, og i strid med Stortinget sine vedtak, å ikkje gje skadefellingsløyve når det er slått fast at ulven har vore i fylket sidan i fjor og har teke livet av mange sauer og lam, seier Reksnes.

Ved å ikkje gje skadefellingsløyve så undergrev regjeringa rovviltforliket som Stortinget har vedteke. No må Stortinget rydde opp, eg har bede stortingsgruppa til Senterpartiet om å ta tak i dette.

Så har vi to statssekretærar i miljøverndepartementet som begge er frå Sogn og Fjordane. Eg er skuffa over at verken Atle Hamar (V) eller Sveinung Rotevatn (V) har synt interesse for saka så langt, og let praksisen hjå fylkesmannen og miljødirektoratet halde fram seier Sigurd Reksnes.

Sigurd Reksnes
Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti
Mob 913 79 271