Gå til hovedinnhold

Vedtekne uttalar – Fylkesårsmøtet 2021

2020 Vestlandsvær, Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Senterparti vedtok fire uttalar under Fylkesårsmøte 2021! Uttalenemnda innstilte på handsaming av uttalane: Trygg i heile Sogn og Fjordane, Ei God ungdomstid og Auka sjølvråderett styrkar utviklinga. Fylkesleiar Sigurd Reksnes utfordra årsmøtet med uttale om bondeopprør 2021, på direkten under si tale. Alle uttalane vart samrøystes vedtekne av fylkesårsmøtet!

 

Senterpartiet støttar Bondeopprøret 2021!

Senterpartiet i Sogn og Fjordane støttar kravet frå jordbruket og bondeopprør 21 fullt ut. Brotet i jordbruksforhandlingane er heller ikkje uventa etter at KRF statsråd Bollestad ikkje ein gong kunne innfri halvparten av kravet frå landbruket. Regjeringa hadde no moglegheita til å ta første steg på vegen mot at bonden sitt arbeid skal bli verdsett på lik linje med andre grupper i samfunnet. Den sjansen skusla regjeringa vekk. 

Det er uholdbart at bønder som har investert og satsa i landbruket, i tråd også med regjeringa sine ynskjer, likevel må jobbe døgnet rundt og tene så lite at det i andre samanhengar hadde blitt kalla for sosial dumping. Her i Sogn og Fjordane har vi ei kjempeutfordring dersom vi skal få med flest mogeleg vidare og sikre rekrutteringa framover. Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev derfor både eit skikkeleg inntektsløft og ei investeringspakke for å sikre eit levedyktig og berekraftig landbruk for framtida."

 

Trygg i heile Sogn og Fjordane 

Sogn og Fjordane Senterparti meiner ein skal føle seg trygg i heile Sogn og Fjordane, uavhengig av kvar ein bur! Tryggleiken til alle som ferdast langs vegen må prioriterast og løyvingar til rassikring må aukast betydeleg. Tenestene må vere nære og tilgjengelege, uavhengig av geografi og livssituasjon. 

Sogn og Fjordane Senterparti vil ta rassikring på alvor. Vestlandet med fjell og fjordar har mange rasfarlege punkt. Alt for mange må leve med frykt, og er utrygge fordi dei bur på rasfarlege plassar. Mange må frakte barna sine forbi rasområde eller pendle langs rasfarlege vegstrekningar. Bedrifter opplever verditap når vegen er stengt på grunn av ras. Berre i region Vest er behovet på minst 35 milliardar for å rassikre fylkesvegane. Rassikring er viktig for tryggleik for folk og samfunn.

Nattestengde tunnelar som resultat av oppgraderingsarbeid gjev alvorlege konsekvensar for lokalt næringsliv. Stengingane kan føre til eit farlegare trafikkbilete i perioden før stenginga.

Det siste året har vist kor avhengig samfunnet er blitt av digital infrastruktur. Framleis er det mange som står utan eit tilfredsstillande tilbod. Leveringsplikt på mobil og fiber er naudsynt for å sikre digital tryggleik.

Ambulansetenesta skal ha ein desentralisert struktur for å innfri lovfesta responstid. Senterpartiet skal stå i spissen for å sikre økonomiske ressursar til ambulansetenesta for å innfri krav til kompetanse, utstyr og responstid. Alle innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal føle seg trygge på at ambulanse rekk dei uavhengig av kvar dei vel å bu. 

Senterpartiet meiner at alle fødande skal kjenne seg trygge på at dei får den hjelpa dei treng, i svangerskapet, på veg til, og på, sjukehuset.   

Uansett kvar du bur, skal du oppleva ein trygg og god kvardag.

For å sikre tryggleik i heile fylket vil Sogn og Fjordane Senterparti:  

  • Auke løyvinga til rassikring av fylkesvegane med to milliardar kroner årleg.  
  • Sikre lik praksis og felles kriterie for skredregistrering på riks- og fylkesvegnettet som dannar grunnlag for tildeling av midlar, prosjektrekkefølge og prioritering i fylkeskommunar og NTP. 
  • Leggje vekt på å rassikre vegar for å hindra at heile bygder vert fullstendig isolerte
  • Syte for at nattestenging av tunnelar berre blir brukt når kolonnekøyring ikkje er eit alternativ, og at perioden med nattestenging i dei tilfella blir halde på eit minimum. 
  • Krevje leveringsplikt på både mobil og fiber, med lik kvalitet og dekningsgrad i heile landet 
  • Jobbe for ein desentralisert struktur av ambulansetenesta med ei økonomisk styrking for å innfri lovfesta responstid, og krav til kompetanse og utstyr. 
  • Sikre gode følgjetilbod, jordmortenester og fødeavdelingar i heile Noreg 

 

Ei god ungdomstid

Å satse på ungdom er å investere i ei betre framtid. Dagens ungdom er framtidas lærarar, snekkarar og foreldre. Koronapandemien har sett mykje av ungdomstida på vent, dette har hatt negativ påverknad på barn og unge si psykiske helse.

Sogn og Fjordane Senterparti tek psykisk helse på alvor og meiner dette er eit tema som fortener meir merksemd. Psykiske plager og lidingar hos barn og unge er blant dei største helseutfordringane i Noreg i dag. Jentene slår hardast ut på statistikken, men gutane er hakk i hel. Sjølvmord er ein av dei aller største trugslane mot folkehelsa blant unge. I 2016 tok 81 barn og unge livet sitt i Noreg. I 2017 steig talet til 126. For kvart sjølvmord antek ein at det er omtrent 6 sjølvmordsforsøk. Tala aukar, no er det på tide med handling!

Noreg er ikkje godt nok rigga til å handtere denne veksten i tal barn og unge med psykiske lidingar og plagar. Sogn og Fjordane Senterparti meiner vi må arbeide endå betre med førebygging og setje inn tiltak som hindrar at barn og unge får alvorlege psykiske lidingar. Vi vil sikre ei god ungdomstid i alle delar av fylket vårt.

Å sikre ei god ungdomstid inneber også å sikre gode utdanningstilbod, og sikre at ungdommen får alle moglegheitene dei treng for å bli det dei har lyst til.

Senterpartiet Sogn og Fjordane vil oppretthalde tilboda på dei vidaregåande skulane våre og gje elevane høve til å kunne bu heime dersom det er til det beste for eleven. Opplæringslova slår fast at vidaregåande skule skal vere gratis, vi aksepterer ikkje at vidaregåandeelevar må bruke pengar ut av eiga lomme for å kunne gå på den linje dei har lyst til. Vi må sikre at lånekassen dekker dei faktiske kostnadane til eleven. Ingen skal uroe seg for at vidaregåande blir for dyrt.

I mange små distriktskommunar endrar kvardagen seg monaleg den dagen ein fyller 18 og kan ta billappen. Difor blir det særskild viktig at køyreopplæring ligg inne som gyldig fråvær i den vidaregåande opplæringa - ingen skal måtte velje mellom lappen og vitnemålet.

For å sikre ei god ungdomstid i fylket vil Sogn og Fjordane Senterparti at:

  • Alle i alderen 12-19 år skal få tilbod om å ha ei årleg samtale med helsesjukepleiar, skulepsykolog eller nokon med tilsvarande kompetanse.
  • Det sikrast tilstrekkelege ressursar til førebyggande arbeid.
  • Behandlinga i offentleg psykisk helsevern skal vere utan eigenandel for unge opp til 25 år.
  • Utstyrsstipendet til ulike vidaregåande linjer, og bortebuarstipendet skal samsvare med reelle kostnadar for elevane.
  • Obligatorisk trafikkopplæring, teoriprøve og oppkøyring skal vere godkjent fråvær i vidaregåande.
  • Alle ungdommar i heile landet skal ha eit trygt alternativ for å kome seg heim, anten via ordinær kollektivtransport eller bestillingstransport, etter modell frå “heim for 50” og liknande ordningar

 

Auka sjølvråderett styrkar utviklinga!

Sogn og Fjordane Senterparti vil ha ei differensiert forvaltning, der kommunar i større grad kan legge til rette for bustad- og næringsutvikling for å skape bulyst og busetting i heile landet.

Næringsutvikling og verdiskaping er avgjerande for å kunne skape attraktive kommunar. Verdiskaping skjer best når den er basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Kommunane kjenner best eige næringsliv, og kommunale næringsfond er eit viktig verkemiddel for å stimulere til utvikling.

I den seinare tida opplever mange kommunar ein Statsforvaltar som i fleire og fleire plan- og arealsaker overprøver kommunane og lokalpolitikarane sitt lokale politiske skjøn. Dette skjer anten ved å overprøve eller sette til side lokalt fatta vedtak. Statsforvaltar si rigide tolking av regleverket undergrev lokaldemokratiet. Dette gjev store utfordringar for næringsliv, busetnad og etablering i distrikta. 

Mange stader er det lite areal mellom høgfjell og fjord, som kan nyttast til næringsutvikling og busetting. Rasfaresoner og ulike vernebestemmingar avgrensar arealet ytterlegare i mange kommunar. Utfordringa i mange lokalsamfunn er å finne areal til vidareutvikling.

Sogn og Fjordane Senterparti krev ei differensiert strandsoneforvaltning, og forskriftene må endrast slik at ein utanfor pressområda kan få nytte ein større del av strandsona til busetting og næringsutvikling. 

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at:

  • Kommunane må få større sjølvråderett i arealforvaltinga, og utøving av skjønn må tilpassast lokale tilhøve.
  • Det trengs ei sterkare geografisk differensiering av byggeforbodet i strandsona.
  • Det må tilførast meir regionale utviklingsmidlar til fylkeskommunane slik at ein kan gjeninnføre tilskot til kommunale næringsfond.